Ny leiing i Frøy Vest

Joar Gjerde er tilsett som ny dagleg leiar i Frøy Vest og Frøy Vest Rederi. Brit Ytrebø blir ny mannskapssjef.

Jobbytte Joar Gjerde går frå salssjefjobb i ABB Marine til stillinga som dagleg leiar i Frøy Vest. Arkiv  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Jobbskifte Brit Ytrebø går frå REM Maritime til Frøy Vest. Arkiv  Foto: Marius Rosback

Nyheter

Frøy Vest og Frøy Vest Rederi har gjort endringar i leiinga for å ivareta vidare vekst og ekspansjon, ifølgje ei pressemelding.

Selskapa med base i Måløy, Florø og Ørsta har 20 fartøy,140 tilsette og driv servicearbeid inn mot havbruksnæringa.

Joar Gjerde tek over som dagleg leiar etter Torstein Holsvik, som vil halde fram i selskapet i ein overgangsfase.

Gjerde er utdanna siviløkonom og har brei erfaring innan maritim næring og kjem frå stillinga som salssjef i ABB Marine, der han hadde ei global rolle innan sal og marknadsføring av utstyr til offshorefartøy. Han har også fleire års erfaring frå salsavdelinga ved Ulstein Verft, der han siste perioden var salssjef.

Brit Ytrebø kjem frå stillinga som mannskapssjef i REM Maritime AS. Ho har meir enn 20 års erfaring frå reiarlag og har tidlegare også jobba innan bank, ifølgje pressemeldinga.


Kaieigaren i Hundeidvik søkjer eksperthjelp:

Trålarvraket ligg heilt fast i gjørma

Den havarerte russartrålaren «Krasnoselsk» har sokke ein meter ned i seig gjørme. No vil kaieigaren hente inn ekspertråd.

 

Fleire båtar forsøkte å redde mannskap i sjøen

Fleire båtar forsøkte å redde mannskap i sjøen

I eit heftig vêr forsøkte fleire båtar å redde mannskapet på den forliste «Frøy Viking». Mob-båten på Rostein-brønnbåten «Ro Fjell» viste seg å vere mest effektivt for å redde mannskapet på to opp av sjøen.

 

Oppdrettsfartøy skal bli meir miljøvennlege:

Får miljø-skryt av Enova

Frøy Vest Rederi satsar på meir miljøvennlege fartøy til bruk ved oppdrettsanlegg. To nye båtar får dieselelektrisk framdrift.