Tipset peika mot den namngjevne eksordføraren og kulturprisvinnaren på Hareid, Willy Nesset. Tipset til Sunnmørsposten kom frå seriøst hald. Men kan ein slik mann brått opptrå som ein lokal Kaptein Svartebill?

Sjørøvaren svarte på anrop. Dessverre – mot det som låg an til å bli ei sjeldant god pirathistorie, kunne Willy Nesset kjapt dokumentere eigarskap til skuta. Ikkje berre det, han kunne også fortelje om konkrete men langsikte planar om å berge landet sin aller første selfangar i stål – frå å bli til spikar. Polarstar var nemleg berre millimeter frå ein slik lagnad, då Willy Nesset allierte seg med pengesterke krefter på ytre Søre og fekk hand om skuta. Den aller første selfangstskuta bygd i stål – ved eit verft i Glasgow i 1948.

Polarstar vart drifta av det legendariske Karlsen-reiarlaget på Brandal i Hareid kommune dei fleste åra.

Ei temmeleg nedsarva utgåve at den tidlegare så stolte Polarstar, her på eit tokt til Svalbard. Skuta er 151 fot lang. Foto: Ishavsmuseet.

Skutesida som blenkjer

– Sidan eg var ein smågut på småbruket vårt i Snipsøyrdalen på Hareid, har eg hatt sterke band og dragningar til ishavsmiljøet og skutene frå Brandal.

– Då eg fekk Hareid kommune sin kulturpris i 2013, var eg i overkant storkjefta i takketalen min: Eg lova å ta hand om Polarstar og restaurere legendeskuta – frå vraking til ein ny vår, fortel Willy Nesset. Vi står på skipskaia utanfor verftet han disponerer i Stettin i Polen. Mønstrar skuta, som skin svanekvit og merker seg ut i eit elles litt grått miljø.

Var ille om bord

– Vi er inne i den hektiske innspurten om bord. No er eg i grunnen berre letta og glad. Men du kan tru eg nokre gonger har bite i meg orda frå den famøse takketalen heime, smiler Nesset.

– For å seie det rett ut: Eg ante ikkje kva eg eigentleg tok på meg. Og slett ikkje kunne eg drøyme om kor ille det var om bord – kor totalt nedsliten denne skuta faktisk var. Vi har skifta alle tenkjelege røyropplegg. Fått vikla opp att – eller skifta ut eit tjuetals elektromotorar. All innreiing og treverk er nytt eller friska opp. Skroget, med sin utruleg seige etterkrigskvalitet av panserstål, er utbetra til minste detalj. Under nøye oppsyn av skipskontrollen, ramsar Nesset opp.

– Så du har angra blodig, men gjer det ikkje lenger, er det rett oppfatta?

– Eg har hatt mang ei søvnlaus natt over dette prosjektet. Eg har teke sjansar eg nok ikkje burde ha teke. Mellom anna segla vi nedover hit før avtale og godkjenning av riksantikvaren var i boks. Mange moment var faktisk uråd å kunne vurdere i det heile på førehand. Slikt kan fort tære på nervane, medgjev Nesset.

Polen vart berginga

Mannen som har vore 20 år stålbransjen, og som har hatt eige selskap og drive skipsverft i høvesvis Gdynia og Stettin i Polen sidan 2007, visste at det var nettopp her dette bergingsprosjektet i det heile kunne late seg materialisere.

– Først så går det på pris. Så går det ikkje minst på at alle aktuelle profesjonar er innfletta i einannan i eitt og same miljø på området her.

– Fordi eg kjenner alle desse partane inngåande etter nært samarbeid i mange andre prosjekt gjennom lang tid, viste eg at det viktigaste ville vere på plass – og alt for handa.

– Desse faktorane verkar direkte inn på kostnadsnivået, som eg alt i alt vil anslå til om lag ein tredjedel av det ei slik restaurering ville ha kome på heime, seier Nesset nøkternt. Minst 20 millionar kroner har arbeidet kosta.

Riksantikvaren på laget

Sjølv om Willy Nesset heile tida er ein mann som ser etter løysingar, dei beste, billegaste og mest praktiske, har han i dette tilfellet hamna under eit strengt verneregime hos riksantikvaren.

– I starten var eg noko skeptisk til dette vernebyråkratiet, det skal eg ærleg medgje.

– Men så var det at eg kom i kontakt med folka bak byråkratiet og fekk lære dei å kjenne. Personar som byråsjef Erik Småland, som verkeleg synte seriøs vilje og interesse frå første stund.

– Og sjølv om verneregelverket faktisk er svært strengt, så opplever vi å finne løysingane i lag. Stort sett til felles beste og felles interesser, analyserer Nesset.

Byråsjefen har personleg vore fleire gonger i Stettin og følgd opp arbeidet. Slik det også krevst når staten går etter måten tungt inn med støttemidlar. Til bladet «Isflaket» på Brandal har Erik Småland karakterisert arbeidet på Polarstar som eitt av landets største og viktigaste for tida.

Polsk og Norsk Prosjektleiar Marek Wisniewski t.v. og Erik Småland frå Riksantikvaren i Norge kom tidleg saman om bord – for å diskutere framdrifta på restaureringsarbeidet. Foto: Privat

Den høgre handa er polsk

Etter som restaureringsprosjektet har skride fram, innser Willy Nesset at utan ein bestemt mann hadde det neppe gått etter tidsplanen i det heile: Prosjektleiar Marek Wisniewski (57) frå Gdynia. Han er fast veke- eller tovekespendlar til verftet i Stettin.

– Gjennom kjenningar vart eg merksam på Marek og kvalitetane hans då han jobba på Myklebust-verftet i Gursken.

– Eg troppa opp og møtte Marek personleg. Eg haudehenta mannen, som har vore i mitt firma heilt sidan vi starta opp i Polen for ti år sidan. Eg reknar denne utruleg allsidige og flinke karen som ei direkte forlenging av mi eiga høgre hand, rosar Willy Nesset. No har altså polakken Marek Wisniewski fått lære den norske polarskuta å kjenne – frå inste stålnagle – til tønna øvst i mastetoppen. Den høge stålmasta bestemte han eigenhendig måtte på land og reparerast. Sunnmørsposten spør korleis han vil karakterisere arbeidsoppgåvene.

– Challenge is the word, challenge – utfordring! Smiler mannen som etter kvart har lært seg eit knippe norske nøkkelord. Så mykje meir har han heller ikkje tid til å seie, der han hastar mellom kring ti ulike samtidig pågåande arbeidsprosjekt om bord denne dagen. På ståldekket vert det til dømes lagt toppdekke av 90 millimeter massiv malmfuru.

Ny Jets – og brukt autopilot

Det komplette Jets-anlegget om bord, levert frå ein av mange rause lokale sponsorar i heimbygda er under utprøving. Korkje å dusje eller gå på do vert lenger det same om bord i Polarstar.

– Jets-anlegget er så godt og fornuftig at der valde sjølv riksantikvaren å fire litt på byråkratiet, ler Willy Nesset. Stadig nye og gamle detaljar ramlar inn.

– Nyleg fekk vi, ved eit reint slumpetreff, tak i den originale ståldreiebenken som alltid stod i maskinrommet. Han er no totaloverhala og skal på plass att. Eit særs viktig remedie!

– Så fann ordførar Anders Riise heime tak i ein annan prikk over i-en – ein stor lyskastar som har stått på rorhustaket. Den gav han oss i gåve og han er no på plass att.

– Dette kjennest heilt symptomatisk for heile prosjektet, brikkene er i ferd med å falle på plass, konstaterer Nesset. Det fekk Sunnmørsposten også oppleve, då Willy Nesset slo seg i prat med ein sunnmørsgranne på kaia, fiskebåtreiar Gunnar Stokke frå Ulsteinvik. – Du har ikkje tilfeldigvis ein autopilot åt oss Gunnar, piloten om bord i Staren viser seg å vere heilt kaputt..?

– Jau visst har eg autopilot, pent brukt og like god. Den skal du sjølvsagt få til eit slikt prosjekt avgjer Gunnar Stokke på ståande fot. Sett- eller haurt på maken! Slik kan det altså føregå – her i miljøet på kaia i Stettin. Der polakkane for lengst har døypt skuta for «Polare legendy» ...! Mange av dei er intervjua i polske media. Det norske prosjektet fenger.

Maurtue til sjøss Som ei levande maurtue av alle typar arbeidsfolk og handverkarar ligg Polarstar ved kaia her på elva Oder i Stettin. . Sluttinnspurten for å få skuta sjøklar er i gang. Foto: Knut Arne Aarset

Banda til Brandal

Willy Nesset er ikkje reint sjeldan i telefonen. Han har mange andre ballar i lufta, og eit tosifra tal tilsette å sysselsette på fleire ulike virkefelt. Men at vi her står ved sjølve hjartebarnet, flytande til kai, det finst det ingen tvil om.

– Du har ikkje vore på selfangst eller polarekspedisjonar sjølv. Kvifor denne glødande interessa for polarmiljøet på Brandal?

– Eg heldt nyleg eit lengre foredrag på Ishavsmuseet Aarvak, der eg fortel det meste om dette. Kort fortalt så miste eg bror min, Evald Arne, i ei arbeidsulukke på Brandal då han var berre 21 år. Han var alt ishavsmann og hadde fortalt og delt mykje. Måten den vesle bygda stilte opp for oss i den sørgjande familien på Hareid har eg aldri sidan gløymt. For meg har dette skapt svært sterke personlege band til bygda.

– Ein annan bror av meg, storebror Kolbjørn, fekk lang fartstid på Polarstar som kokk. Eg fekk vere med han på småsegling lokalt med fleire av dei legendariske polarskutene, og høgast raga altså Polarstar der bror min hadde hyre, fortel Nesset.

Broren opplevde å sjå Willy «sjørøve» Polarstar til Polen, men han døydde av sjukdom i 2016 og får dermed ikkje med seg heimkomsten. Innseglinga skjer laurdag 26. august, då det er venta storinnrykk til Brandal – med polarfest i tre dagar til endes.

Blir ekstra sta av motarbeiding

Willy Nesset greier for sin part å sjå humoristisk på at han vart angitt som sjørøvar den gongen i 2013. Han vart i same slengen skulda for å ha rive fundamentet under ishavsmuseet på Brandal, og dette tok han litt tyngre.

– Det er ikkje til å stikke under ein baugport at her var nokre sentrale personar som motarbeidde meg då planane mine for Polarstar vart kjende.

– Faktum er at den forma for motgang berre gjorde meg meir sta og innbiten i det å få fullført misjonen. Dei som gav meg tittelen sjørøvar er ekstra velkomne til å møte opp når vi klappar til kai til stor ståhei siste helga i august i år, inviterer Nesset raust.

Sjørøveriet – oppklaringa

Sjørøveriet har sjølvsagt si oppside. Polarstar var så nedsarva at nordlendingar ville kjøpe ho – til rein spottpris. – Då hadde ho i beste fall vorte ribba, og gått nokre år i kystfrakt. Så spikar neste. – Nei, skuta måtte bergast! Og så, ved hjelp av innsiktsfulle og kapitalsterke aktørar som Havila, Olympic, Ulstein og eit par velvillige bankar, vart det til slutt muleg for oss å få hand om Polarstar, konstaterer Willy Nesset. Heime på Brandal har han den ultimate støttespelar i dagleg leiar Webjørn Landmark på Ishavsmuseet. Han har følgt heile utviklinga til Polarstar tett.

– At ein mann åleine har makta å gjennomføre dette gigantprosjektet er aldeles eineståande. Og skuta i seg sjølv er eineståande. Ikkje berre i polarhistoria, men også når det gjeld oljeleiting aller første tida – og elles ei utruleg lang rekke forskingsoppdrag, turisme og unike ekspedisjonar.

– Komplette mannskapslister gjennom 70 år fortel at fleire tusen har arbeidd om bord. Stadig fleire har no høyrt om prosjektet, nesten dagleg ringer folk og tidlegare mannskap for å høyre kor det går – og nøyaktig når skuta kjem heim att, fortel Landmark.

Maurtue til sjøss: Som ei levande maurtue av alle typar arbeidsfolk og handverkarar ligg Polarstar ved kaia her på elva Oder i Stettin. . Sluttinnspurten for å få skuta sjøklar er i gang. Foto: Knut Arne Aarset
Messa: Hovudmessa om bord er gjenskapt til minste detalj – og ville kunne vere ei høgmesse verdig. Jamvel det nye kjøleskåpet i bakgrunnen er i opphavleg og tidsrett stil. Foto: Knut Arne Aarset
Hjelpemotor: Ein av tre hjelpemotorar let seg ikkje reparere. Willy Nesset fekk då tak i nøyaktig maken, ein Volvo PentaMD 50, frå Uddevalla i Sverige. – Mine polske trollmenn gjorde motoren som ny. Foto: Knut Arne Aarset
Detaljar: Alle tenkjelege deler og detaljar om bord er blankpussa og shina for heimkomsten. Foto: Knut Arne Aarset
Lasterommet: I lasterommet oppstod ein dramatisk skipsbrann under restaureringsarbeidet. No er alt i ferd med å bli bygd opp att – tomme for tomme – og i betre stand enn originalen. Foto: Knut Arne Aarset
Polarstar av Ålesund: – Helst ville eg ha «Polarstar av Brandal». Når skipsregisteret ikkje tillèt det, får det vere ei god erstatning med byen vår Ålesund! Resteureringsskipsreiar Willy Nesset er blid som ei sol på si eiga verftskai her i Stettin – og klar som eit egg til å føre skuta heim snart. Foto: Knut Arne Aarset
Hjartet: Den 2000 hestekrefter sterke Deutz-maskinen er laga i 1966 i Tyskland. Motoren med den veldige dragkrafta og lyden av ein brummande rekkeseksar har vorte eit sterkt varemerke opp gjennom åra – for den første selfangstskuta bygd i stål. No er alt totalrenovert. Foto: Knut Arne Aarset
Reserve: Reserveprobellen til Polarstar vart funnen gøymt djupt nede i skotta, i fleire deler. No er han pussa og montert på dekk. Foto: Knut Arne Aarset
I byssa: – Her på denne storsteikepanna har bror min Kolbjørn lang fartstid som kokk. Slike ting har vore med og forankra meg til dette nesten ufattelege prosjektet, seier Willy Nesset. Foto: Knut Arne Aarset