Det vart i 2015 innført eigedomsskatt på bustad- og fritidseigedomar i Sykkylven. Til saman har kommunen tent om lag 22 millionar kroner på dette.

– No er skatten avskaffa for siste halvdel av 2017, stadfestar ordførar Odd Jostein Drotninghaug etter kommunestyremøtet, måndag.

Ordføraren fortel at Sykkylven har hatt ei sunn økonomisk drift dei siste to åra, og derfor blei kommunen også formelt meldt ut av Robek i dag.

Kommunen er altså ikkje lenger under statleg kontroll.

– Korleis ser du på det at kommunen taper 5-6 millionar i inntekter i 2017?

– I år går det greit. Vi har budsjettert godt både i 2016 og i 2015 og har bygd opp eit disposisjonsfond med solid overskot.

Drotninghaug seier det er veldig kjekt å være ute av Robek, fordi fleire små og store investeringar har måtte venta.

– Alt frå ventilasjonsanlegg, til vegar, skule og forskjellige ting har stått på vent. No driv vi også med ein ny stor sentrumsskule, fortel han.

Vedtaket blei gjort med 15-14.

– Spontant

Eldar Høidal (SV) var i fleirtalskonstellasjonen som la budsjett med eigedomsskatt ut 2017.

– Eg tenkte at ein skulle ta opp dette til hausten med behandlinga av budsjettet, så eg er litt overraska. Det vart litt på sparket dette her, utan utgreiing av konsekvensar. Eg meiner det blei litt improvisert og spontant, seier Høidal.

Han seier at partia i Sykkylven har gått for å fjerne skatten den dagen økonomien blei god, så slik sett blei han ikkje overraska.

Kutt i eigedomsskatt vil ikkje gå utover drifta i 2017 fordi ein tek pengane frå disposisjonsfondet som blir redusert med seks millionar frå 19 til 13.

– Dette gjer jo at vi får litt strammare økonomi i komande år. I år vil ikkje noko tenester lide, men vi har mellom anna vedteke ein ny sentrumsskule. Pengane der må også hentast frå ein stad med renter og avdrag, meiner Høidal.

Han seier at frykta for å kome tilbake på Robek vart snakka om i møtet.

Lova å fjerne skatten

Det var Olav Harald Ulstein (Frp) som kom med framlegget saman med Petter Lyshol (H) og John Kenneth Brenne (V).

– Dette er ein dag eg har sett fram til lenge, seier Ulstein. Han seier det blei stilt i salen då han kom med framlegget, og dei var avhengig av Brenne si stemme for å få fleirtal.

Ulstein beskriv ein god økonomi i Sykkylven og seier at han ikkje kan tenkje seg at nokon vil prøve å innføre skatten på nytt.

– Eg trur mange blei teken på senga då framlegget kom, seier han.

Brenne, som var inne som vara, fortel at han vart sett på som ein utbrytar då skatten vart innført.

– Eg gav ein lovnad til folket om at eg skulle avskaffe eigedomsskatten den dagen vi var ute av Robek, og dette er ei stadfesting på den avtalen eg gjekk inn i med innbyggjarane, seier Brenne.

Han er nøgd, men seier at det å avskaffe skatten også gir utfordringar med tanke på drift.

– Men sentrumsskulen skal vi klare å få på plass, seier Brenne.

Refusjon frå Nordea, grep i drifta og tre år med stort utbytte frå energiverket har gjort at Sykkylven har kvitta seg med gammal gjeld. Brenne meiner at politikarane no har gitt rådmannen signal om å sjå på ytterligare tiltak for at kommunen skal klare seg.

– Eg ser ikkje for meg at skatten blir innført på nytt i 2018 og 2019, seier Venstre-politikaren.

Han trur heller ikkje andre tenester vil lide, om ein evner å tenkje smart.

– Klart mindre inntekter gir større utfordringar, men det har vore viktig å halde det ein har lova. Eigedomsskatten var tvingande naudsynt for å kome seg ut av Robek.

Brenne meiner Sykkylven skal klare å halde seg utanfor Robek.

Olav Harald Ulstein (Frp) og Petter Lyshol (H) kom med framlegget saman med John Kenneth Brenne (V). Foto: Nils-Harald Ånstad/Sunnmørsposten