(Møre-Nytt) – Eigedomsskatten styrkar kommunen sin økonomi. Nokre sa at denne skatten skulle vere midlertidig. Eg håper han vert kortvarig. Og målet må vere å fjerne denne urettvise skatten.

Les også: Sykkylven fjernar eigedomsskatten - no varslar rådmannen kutt

Fleire politikarar meiner at Ørsta kommune betalar for lite på dei kommunale låna.

– Avdraga våre er for låge. Vi må også styre investeringane slik at vi har kontroll på økonomien. Og vi må ta steg for steg. Vi har mange ønske, men eg er ikkje klar for å ta alle investeringar i eit jafs, sa ordførar Stein Aam (Sp). Han meiner rådmannen og staben hennar driv godt, og seier at mange kommunar ser til Ørsta og den økonomiske drifta.

Også Gunnar Knutsen (V) synest kommunen må betale hardare ned på gjelda.

– Vi må betale meir i avdrag og ha budsjettkontroll, og det har seksjonane mykje større fokus på i dag enn for nokre år tilbake. Vi må heller ikkje bruke disposisjonsfonda til drifta.

Per Are Sørheim (H) seier dette:

– Kommunen betalar i dag seks millionar kroner for lite i høve avskrivingar kvart år, og vi skubbar gjelda framføre oss. Vi må verte tydelegare på å betale gjeld. Inntektsveksten i kommunen vore god, og regjeringa og støttepartia leverer til kommunal sektor. Framover må vi ha kring femten millionar på disposisjonsfondet, og desse pengane må ikkje tappast men vere den bufferen vi treng i ein økonomisk situasjon der det kan svinge.

Hans Olav Myklebust (Frp) var oppteken av at auka investeringar må gje auka inntekter, slik at reknestykket går opp.

– Etter fleire år i Robek har vi brukbar økonomi og god økonomistyring. Men no har vi fått eit oppdemt investeringsnivå, og det vert brukt store summar i infrastruktur, tomter, helse og meir. Vi må passe oss for å fråvike planane vi legg i september, og auke investeringane. For aukar vi, må også inntektene aukast, viss ikkje er det ei farleg utvikling.

Kommunekasserar Vidar Eltvik opplyste kommunestyret om at kommunen i dag har kring 70 millionar kroner i lånte pengar som ikkje er nytta. Difor har kommunen behov for «berre» å låne 60-65 millionar resten av året.

Denne saka blei først publisert i Møre-Nytt