Det har vore ei trafikkulykke i Hjørungavåg i Hareid kommune, onsdag ettermiddag. I ei Twitter-melding frå politiet ved 15.30-tida heitte det først at ein bil hadde køyrd av vegen, men i ein ny melding blir det opplyst at det er to bilar involvert.

Vidare skal det vere tre personar i bilane, men ifølgje politiet er det ikkje meld om personskadar.

Politiet har rykka ut til staden og bilberging skal litt før klokka 16.30 vere undervegs.