Det seier rådmann May-Helen Molvær Grimstad i Sykkylven.

– Fråfall av eigedomsskatt neste år utgjer 11 millionar kroner. I tillegg må vi rekne med fleire millionar mindre i overføringar frå staten. Eg kan ikkje sjå at det er mogeleg å oppretthalde dagens tenestetilbod. I staden må det kuttast, seier rådmannen.

Måndag kveld vedtok kommunestyret at ein ikkje skal krevje inn eigedomsskatt for siste halvdel av 2017.

Dermed går kommunen glipp av fem-seks millionar kroner i år. Og 11 millionar neste år.

Avskaffa

– No er skatten avskaffa for siste halvdel av 2017, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp).

Han fortel at Sykkylven har hatt ei sunn økonomisk drift dei siste to åra. Difor vart kommunen også formelt meldt ut av Robek måndag.

Kommunen er altså ikkje lenger under statleg kontroll.

– Korleis ser du på det at kommunen taper fem-seks millionar i inntekter i 2017?

– I år går det greitt. Vi har budsjettert godt både i 2016 og i 2015 og har bygd opp eit disposisjonsfond.

Det var Olav Harald Ulstein (Frp) som saman med Petter Lyshol (H) og John Kenneth Brenne (V) kom med framlegg om å fjerne skatten allereie frå hausten av.

BENKEFORSLAG Høgre-politikar Petter Lyshol (til venstre) og Odd Harald Ulstein (Frp) fremma forslag om å fjerne eigedomsskatten. Det vart vedteke med 15 mot 14 røyster. Foto: Terje Engås

– Dette er ein dag eg har sett fram til lenge, seier Ulstein.

Han meiner økonomien i Sykkylven no er god, og trur ikkje at nokon vil prøve å innføre skatten på nytt.

John Kenneth Brenne, som var inne som vara, fortel at han vart sett på som ein utbrytar då skatten i si tid vart innført:

– Eg gav ein lovnad til folket om at eg skulle avskaffe eigedomsskatten den dagen vi var ute av Robek, og dette er ei stadfesting på den avtalen eg gjekk inn i med innbyggjarane.

Uroa

Eldar Høidal frå SV er redd for følgjene dei neste åra:

– Kutt i eigedomsskatt vil ikkje gå utover drifta i 2017, fordi ein tek pengane frå disposisjonsfondet. Men dette gjer jo at vi får litt strammare økonomi komande åra, seier Høidal, og viser til at dei treng pengar til å byggje ny sentrumsskule.