Både i Selje og Eid har eit fleirtal av politikarane no gått inn for at den nye kommunen skal heite «Stad».

Det melder Fjordenes Tidende, som fortel at Eid vedtok namnet Stad med 25 mot fire røyster.

I Selje var det eit samrøystes kommunestyre som vedtok Stad som kommunenamn.

Namnevedtaka vart gjort torsdag. Først hadde Eid og Selje eit felles kommunestyremøte, der dei ifølgje lokalavisa brukte store delar av møtet på å drøfte namnesaka.

Deretter gjekk dei to kommunestyra kvar til sitt, og røysta over namneframlegget. Dei kom altså fram til at den nye kommunen skal heite Stad.

Namnenemnda i Eid og Selje gjekk inn for at Selja bør bli namnet på den nye kommunen.