– Eg måtte seie ja til dette tilbodet som gav oss ein flott familietur til Paris. Det var kjekt å delta på dette moteshowet, og veldig spesielt å gå på catwalken saman med borna.

Det seier Christoffer Fagerli på telefon frå den franske hovudstaden.

Det var onsdag kveld at 32-åringen som på midten av 2000-talet gjorde karriere som modell for store motehus, på ny fekk moteinteresserte blikk retta mot seg.

Det skjedde under moteveka for menn i Paris, der han entra catwalken saman med borna Sevrin Vestre-Sandøy (10), Lucy Vestre-Fagerli (8) og Alma Vestre-Fagerli (6).

– Dei syntest det var stor stas, og dei var veldig flinke. Ungane er nok litt overvelda over heile opplegget, for moteshowet var ein svær produksjon med masse publikum, og mykje styling av sminke, hår og antrekk bak scena. Men dei syntest det var skikkeleg stilig å delta, fortel Christoffer Fagerli om ungane sin innsats.

Motevisninga vart halden i ein park i Paris, og temaet var «Young dads in the park with their kids».

Sjølv meiner den 32 år gamle pappaen at det er rundt ti år sidan sist han gjekk modell.

– Eg har takka nei til fleire tilbod, fortel han som etter siste motevisning har brukt tida til å stifte familie saman med sambuar Elise Vestre, bygge hus på Slyngstad og jobbe med oppstart av båtar for Vard. Og å pleie musikkinteressa si på fritida.

– Satsar du på ny karriere som modell etter comebacket i Paris?

– Eg har ingen konkrete tilbod per no, men slike moteshow har ein tendens til å føre til nye modelljobbar, seier Christoffer Fagerli og legg til:

– Om tilboda kjem, blir det ikkje aktuelt å reise rundt i verda slik eg gjorde tidlegare. For meg kan berre direktebooking til spesielle modelljobbar bli aktuelt, seier familiefaren som heller ser for seg å bruke meir tid på å skape musikk enn på modellyrket.

– Stabilitet er viktig. Difor har eg ingen planar om å seie opp jobben i Vard. Både å drive med musikk og å vere modell er kjekt. Kanskje kjekkast å stå på ei scene som musikar, seier sunnmøringen som nyleg gjorde lykke på catwalken i Paris.

Som 15-åring stilte Christoffer Fagerli opp på mannekengoppvisning på Vatne. Tre år etter debuterte han på catwalken for Dior i Paris. Foto: Hilde Stokke