Dette opnar for informasjonsutveksling som kan vere avgjerande for å avgrense skade ved ulykker, melder Kystverket i ei pressemelding.

– Dette er ein revolusjon. Denne bandbreidda er det ingen andre produkt på marknaden som har, seier Kjetil Aasebø i Kystverket til smp.no.

Det vil mellom anna vere mogleg å strøyme video i HD-kvalitet. Nettverket er også uavhengig av internett.

Også rekkevidda skal vere god, 250-270 km mellom fly og fartøy og mellom fly og radio montert på land.

Det er norske Kongsberg Seatex og Radionor som har utvikla Maritime Broadband Radio (MBR). Kystverket testa breibandet ut i 2014 og 2015. Det nye no er at alt er ferdig installert om bord.

I motsetning til tidlegare system vil det nye maritime breibandet også vere svært stabilt, ifølgje Kystverket.

Om bord i fartøy og fly

Kystverket og NOFO (Norsk Oljevernforeining For Operatørselskap) er dei første i verda som tar i bruk den norskproduserte teknologiske nyvinninga. Kystverket installerer breibandet på alle sine oljevernfartøy og på 10 kystvaktfartøy med oljevernutstyr om bord. NOFO gjer det same på sine oljevernfartøy.

Overvakingsflyet LN-KYV, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Kystverket, NOFO og Kystvakta, har allereie fått installert MBR om bord.

Styrkar oljevernberedskapen

Ved eit akutt oljeutslepp vil det nye breibandet legge til rette for ei betydeleg raskare og betre informasjonsutveksling mellom dei ulike einingane i innsats. Bilete, kart og video vil overførast raskt, og tiltak kan setjast i verk på bakgrunn av eit felles etablert, samtidig situasjonsbilete, heiter det i meldinga frå Kystverket.

– Dette blir ei stor forbetring og fører til at vi kan kommunisere med alle einingane som deltek i ein oljevernaksjon og dele data uavhengig av internett. Ved å bruke MBR kan vi kome raskare i gang med dei rette tiltaka, seier seniorrådgjevar i Kystverket, Kjetil Aasebø.