Eg kan godt gifte meg med alle tre jentene eg! 4-åringen Torbjørn rettar på hatten og smiler lurt der han står og ser på at Frøya, Lea og Lilli Marie som pyntar seg i jonsokskrud.

– Nei, det går ikkje an, fniser småjentene og halar blondeblusar, blomstra kjolar og skjørt opp av ein stor sekk. Barna frå Lepsøy barnehage stiller gjerne til eit «test jonsokbryllaup», men finn raskt ut at jobbane som jonsokbrud, brudgom og prest kan dei som er litt eldre ta seg av. Og slik blir det.

Kledd i kvitt og med langt blondeslør står 9-åringen Maria brud, med Iver i staseleg, svartkledd brudgomdress ved si side. Mats står rakrygga i svart prestekjole pynta med ein kvit, prestekrage kjøpt på Ikea rundt halsen.

– I fjor var eg brudgom, og i år er eg prest, forklarer 11-åringen som synest det er greitt å skifte litt på rollene. Trening i jonsokbryllaup har og Maria.

– I år er det tredje gongen eg er jonsokbrud. Det er gøy å bli pynta, men eg blir litt sjenert av det og. Eigentleg er det ikkje så mange som vil vere brudepar, så derfor stiller eg opp, forklarer 9-åringen om ei av jonsokkvelden viktigaste oppgåver. Å vere brudepar for ein jonsokkveld til glede for alle frammøtte på Prestegarden.

Korleis er feiringa der du er? Del dine sankthans-bilete

Samling for alle

– Jonsokfeiringa er det store fellestreffet for lepsøyingane. Då kjem folk frå alle kantar og i alle aldrar for å treffe kvarandre. Prestegards-området yrer av folk og aktivitet. Folk kjem fordi dei synest det er koseleg å treffest, og fordi det føregår så mykje her på jonsok.

Gro Hareide Buner veit kva ho snakkar om. Dei siste femten åra har ho vore primus motor for jonsokfeiringa med god hjelp av styret for Prestegarden og andre folk på øya. Alt utført på dugnad. Det er ikkje uvanleg at over 300 personar deltek i feiringa som på Lepsøy blir omtalt som jonsok, ikkje sankthans.

– Slett ikkje verst for ei øy med vel 300 fastbuande, smiler ho og fortel at alle stiller opp på det som skjer på øya, og at utflytta lepsøyingar kjem reisande frå Ålesund og andre stader på fastlandet for å for å feire jonsok heime.

Jonsok i Ålesund: Se direktesending fra Slinningsbålet på lørdag

Nostalgi

– Lepsøyingar er veldig knytt til heimstaden sin. Fellesskapskjensla er sterk, meiner Gro Hareide Buner.

– Det er litt nostalgi over det heile, skyt Beate Kjerstad inn.

– Eg trur mange kjem til Lepsøy fordi her er jonsokfeiringa slik den alltid har vore. Gammaldags jonsokfeiring er ikkje så vanleg lenger, trur dagleg leiar for Prestegarden.

– Det er fast tradisjon at ungdommane er med på jonsokfeiringa. Då kjem alle heim for å delta. Kjekt med ei slik jonsoksamling før sommarferien, meiner 20-åringen Charlotte Farstad. I fjor samla rundt 300 personar seg på Prestegarden. No er dei spent på kor mange som kjem for å delta i jonsokfeiringa i år. – Vi antar det blir endå fleire denne gongen, for no fell jonsok på ein fredag, seier eldsjelene som har alt klart.

Idyllisk

Den siste presten flytta ut i 1974. Misjonssambandet eig Prestegarden, men lepsøyingane driv staden som blir leigd ut til skuleklasser, selskap og overnatting til private. No er hus og hage gjort klart til jonsokfeiring.

På mark med blomstrande tusenfryd er det rigga opp til pilkast, hesteskokasting, ringspel, luftgeværskyting og natursti.

– Eg har deig til minst 70 pinnebrød til dei som vil steike seg ein matbit på grillen, fortel ei av eldsjelene Anbjørg Hellevik som i alle år har hatt ansvar for spørsmåla til naturstien som buktar seg rundt på Prestegarden og vidare i retning mot eit raudmåla stabbur.

– Jonsok er ein kjekk dag. Vi gler oss mest til bålbrenninga og til å gjere jonsokfant, fortel tenåringane Thor-Erik, Vilde og Nikolai. På Lepsøy er det fullt lovleg å gjere fantestrekar på jonsok. Då kan det skje at ein plaststol blir heist til topps i ei flaggstong eller at postkasser blir fylt med blomster.

Slinningsbålet: Her kan du følge innspurten av bålbyggingen direkte.

Stort bål

I nærleiken av Kjerstadsanden er jonsokbålet plassert.

– Bålet er større enn i fjor, slår bålsjefane Jørgen Kjærstad og Magne Kjerstad fast. Dei fortel at bålet er bygd av rivingsmateriale frå gamle hus og kapp frå nybygg. – Det viser at det er stor byggeaktivitet på øya. Veldig positivt, meiner karane om Lepsøy som har hatt auke folketalet dei siste åra.

Kakebord

Inne i Prestegardsbygningen blir bord pynta med frodige markblomster. På kjøkenet varmast åtti liter rømmegraut i svære gryter, og kilovis med pølser gjort klar for å mette svoltne magar.

I storstova skal eit skikkeleg sunnmørsk kakebord freiste. Der blir tjue rundekaker plassert på rekkje og rad.