– Eg prøvde for første gong i fjor med 11 utegåande grisar. Det gjekk svært bra, så i år har eg auka talet. Og fleire kan det bli, seier Jørn Svingeset (49).

I tillegg til gris har deltidsbonden 20 ammekyr på garden sin i Markane i Stryn. Grisane hans bur i skogen rett ved garden. Her meskar dei seg på det som veks. Og skulle det bli grisevêr, har Jørn snikra eit krypinn til dei.

– Grisane har eit 30 mål stort område å boltre seg på. Dei er snille og greie, og blir tamme etter kvart, fortel bonden.

Dyra, ei kryssing av Norsk Landsvin og Hampshire, er fødde i Olden i byrjinga av mai. Hit til Markane kom dei 5. juni.

Førebels er dei små og nette. Men fram til slaktinga i september skal dei ha vakse til ca. 100 kilo, reknar Svingeset med.

Han har allereie kjøparar til 16 av grisane. To hadde han tenkt å sikre seg sjølv.

– Om det kjem inn fleire bestillingar, så kan vi enno få tak i fleire, trur sonen Oliver (19).

Glade i folk

Dei fortel at grisane er sosiale dyr, som likar seg saman med kvarandre, og som gjerne vil vere i lag med folk.

– Ja, dei blir tamme som hundar og kjem når vi ropar på dei.

I fjor hadde dei namn på grisane, helst kalla opp etter kjende personar. Ein heitte til dømes 91 Stomperud. I år har dei ikkje kome så langt enno at grisane har fått namn.

– Det ser ut til at dei trivst ute i det fri. Og så blir det ikkje så mykje feitt på dei, for dei trimmar jo så mykje. Så dette er ikkje sofagrisar, seier Jørn.

Sjølv har han full jobb på Pretre, i tillegg til å vere bonde. Difor er han glad grisane er lettstelte, der dei går ute og finn seg mat sjølv. I tillegg til det som veks har dei fri tilgang på kraftfôr frå ein automat.

Grisane har iallfall ein romsleg tumleplass, til og med ei myr der dei kan bade og leve opp til namnet.

Til Loen

Når sommaren som frilandsgris er over, går turen til slakteriet.

Jørn Svingeset har avtale om å levere til Nordfjord Kjøtt i Loen. Han synest det er bra at det er kort veg til slakteriet:

– Då slepp dyra å stå på ein bil i timevis, legg han til.

Og korleis smakar ein fritt-gåande gris frå Markane?

– Kjøtet er mørt og fint, slår Jørn Svingeset fast.

Grisane i Markane er alt anna enn sofagrisar, der dei boltrar seg ute i skogen. Foto: Terje Engås