Sidan det ikkje kan vere vårens vakraste eventyr, så må det i det minste vere midtsommarens aller vakraste kalvedans! Vekslande mellom høge byks og skinnflatt rasande tan over blomstrande eng, syner den berre få dagar gamle kalven fram sine kunstar. Så flott og spenstig og harmonisk at det mest ikkje går an?

– Jau då, visst går det an! Det er jo desse sommardagane vi har sett fram til gjennom heile vinteren med fôring av dei atten kollene vi har på hjortefarmen vår, stadfestar opp-drettar Jan Eldar Hovdenakk. Det er to år sidan at han og sønene Han Nicolai (24) og Per Andreas (23) sette dei første langstaurane til hjortegjerde i jorda her Hovdenakken i Ørsta kommune. Garden er næraste granne til Ørsta skisenter på Bondalseidet, og til den nye, gigantiske trafostasjonen tilpassa Monsterlinja og tilhøyrande Statnett.

Oppdrett med urskog

Hjortefarmen ligg an til å bli av dei finaste i landet, førebels med konsesjon på 60 avls- koller. Det heile er altså under oppbygging. Med sju ulike frådelbare innhegningar, ringa inn av smått utrulege 4.500 meter storviltgjerde, er dette eit verkeleg storanlegg. Ikkje minst er ein imponerande stor del av oppdrettsarealet for urskog å rekne. Midt inne i hjorteskogen her, har du fleire stader problem med å sjå tendensar til innhegninga – i noka retning.

Villmarkskjensla

Vi ruslar saman med eigaren gjennom ein av skogteigane. Brått reiser ei fin kolle seg opp og er på vakt. Like brått dukkar kalven opp, som ein klona skugge av mora. Berre få dagar gamal har han alt fått det same vaktsame blikket, og øyra går som to små båtradarar. For ein idyll. Berre eit plastmerke i kvart av øyra til kolla skil oss frå ei bortimot hundre prosents villmarkskjensle.

– Det er dette som er så kjekt. Vi kan tilby dyra noko bortimot det næraste ein oppdrettar kjem ein heilt vill og naturleg biotop, kommenterer eigaren.

Han har med ei bøtte med litt kraftfor. Men denne lokke- maten er ikkje den vare kolla det ringaste interessert i no i desse dagar. Det er derimot nestemann vi møter på, sjølvaste avlsmatadoren Leif Jostein (8), som har farskapet til heile hopen av nyfødingar.

– Her gjeld det berre å passe seg for horna, elles er han like snill som småkalvane han er far til, smiler Jan Eldar Hovdenakk.

Avlsbukken Leif Jostein har fått opp ein imponerande hornskog – her midt i hjorteskogen i Hovdenakken. Han sjekkar fotografen – før han tek imot kraftkorn frå matfar Jan Hovdenakk. Foto: Knut Arne Aarset
Denne kolla med fersk kalv er svært skeptisk til å sleppe framande innpå seg i skogen. Kalven ser også ut ti l å fatte korleis ein oppfører seg overfor tobeinte. Foto: Knut Arne Aarset