Alt dette blir undersøkt når Statens vegvesen tysdag og onsdag kontrollerer alle turistbussar i Geiranger og Hellesylt, og det er ikkje få.

– Det er henta inn kontrollørar frå både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I alt er vi 11 kontrollørar i sving desse to dagane, seier Svein Arne Henjesand, overingeniør i Statens vegvesen.

Vi møtte han og fleire kollegaer i aksjon på Hellesylt tysdag, der alle bussar som skulle om bord i ferja til Geiranger, eller som kom andre vegen, vart stoppa og kontrollerte.

Bruk av setebelte blir også sjekka. Kontrollørane skal dele ut ei brosjyre på engelsk til busspassasjerane som fortel dei at det er nødvendig å bruke belte.