I tunet på garden har nemleg arkeologar funne 140 strukturar, eller spor etter busetting, over eit område på 175 kvadratmeter.

Det er ikkje rart arkeolog Trond Linge frå Universitetsmuseet i Bergen er begeistra etter si første utgraving på Aure i Sykkylven.

Tek rekninga

– Vi er to frå Bergen som har grave her dei siste to vekene. Fredag er vi ferdige, og grunneigaren kan få setje opp det verkstadhuset han har planar om. Og Riksantikvaren tek rekninga for dei arkeologiske undersøkingane, seier Linge.

Dei fleste strukturane dei har funne er stolpehol. Det vil seie at det har stått fleire hus her. Dessutan er det funne fire–fem kokegroper.

Funn skal no inn til analyse for nøyaktig tidfesting. Men prøver tekne på same stad i fjor haust viste funn frå tidleg jarnalder, ca. 500 år før Kristus.

Så på Bøgarden har det budd folk svært lenge.

Fylkeskonservator Bjørn Ringstad var sjølv med på å grave litt på staden ein av dagane.

– Eg trur det har budd folk her ennå tidlegare, i bronsealderen, seier han – og viser til tidlegare funn gjort på Aure.

ARKEOLOG Trond Linge er seniorkonsulent ved fornminneseksjonen på Universitetsmuseet i Bergen. ARKIVFOTO

Bronsealderen i Norden strekkjer seg frå 1800 år før Kristus til 550 år før Kristus.

Ringstad fortel at i fjor vart det grave to sjakter, og det var gjort ein del funn.

Difor bestemte ein seg for å grave opp heile området i år, og det gav skikkeleg utteljing.

– Funna tyder på at husa har stått i lengderetninga aust/vest. Det har vi også sett tidlegare på Aure. At dei nettopp stod denne vegen kan tyde på at dei har teke omsyn til vinden, og at det samtidig har med utnytting av solvarmen å gjere, forklarer fylkesarkeologen.

Når feltperioden er over for i år og vinteren kjem, skal arkeolog Trond Linge setje seg ned ved datamaskinen i Bergen for å lage ein rapport om funna på Aure.

Smør

– Dette var ditt første oppdrag på Aure. Korleis var det å arbeide her?

– Ja, kva er det Bjørn Ringstad har sagt: «Å grave på Aure er som å grave i smør». Det går lett unna, utan stein å snakke om. Matjorda ligg oppå eit lag med auresand, forklarer Linge.