– Fjella og bygningane er dei same. Eg likar å kjenne etter kva forfedrane mine har følt, og plutseleg ser eg at det er dette eg brukar i bilda mine, seier Marita Bett Aakre og viser inn i kufjøsen, der fleire oljemåleri er komne opp på veggane.

Sjå bildeserie over

Trengde pause

Tre av dei seks bygningane i Bakketunet er freda. Det eldste er datert til 1549. På 1980-talet begynte arbeidet med å restaurere tunet, og det var Hjørundfjord kulturvernlag som først søkte om pengar, organiserte dugnad og gjorde ein stor innsats for å ta vare på tunet for ettertida.

Enkelte meinte det berre var å setje fyr på, men i tur og orden er stabburet, stallen, grindløda, kufjøsen og røykstova blitt restaurert. I vinter blei den siste av bygningane, sauefjøsen, ferdig.

Sidan 2010 har Marita Bett drive kunst- og kulturformidling i tunet, men i fjor kunngjorde ho at ho trengde pause. I år opnar ho likevel dørene til det historiske tunet.

– Kva har skjedd?

– Eg har for så vidt hatt ein pause. Det er noko med kvar ein har hovudet sitt. Eg har brukt mykje tankekraft i tunet. I mange år har eg laga eit fint utstillingsprogram og hatt kontakt med mange utstillarar.

I år har eg lagt dette på sida og fokusert på eige skapande arbeid, fortel ho.

Tunet blir heller ikkje ope like mykje som før:

– Eg måtte finne ei ny driftsform. Vi hadde ope tre månader om sommaren og stod klar her kvar helg. Døtrene mine på 15 og 17 år var også leie. Dei har brukt somrane sine her frå dei var ni–ti år gamle, fortel Marita Bett.

No blei dei einige om at dei måtte kutte ned på opningstida, til fem søndagar i juli.

Skinn, glas og keramikk

At restaureringsarbeidet no er ferdig blir markert ved at alle bygningane blir tekne i bruk. Husa skal ikkje vere tomme og utan innhald, og det blir difor utstillingar i fleire av husa.

– I sauefjøsen synest eg det passa med saueskinn frå Per-garden i Dalsfjorden. Og i kammerset der det før stod symaskin og vevstol, blir det no tekstilinstallasjon.

Det er Børdi by Mona Frøyshov, som blant anna driv med redesign, som er utstillar der. Og i stallen har keramikar Marianne Lund frå Gjøvik fått plass med sine verk. Franske Adrien Herve, busett i Ålesund, skal stille ut glaskunst. Utstillingane skal stå heile sommaren.

Tvinga til å måle

Marita Bett er utdanna lærar. Ho har mellomfag i kunst og handverk frå Høgskulen i Volda, og ho har tidlegare gått på Ålesund kunstfagskole.

– Eg har alltid måla. Det ligg djupt forankra i meg, seier ho.

Siste seks–sju åra har det likevel ikkje vore mykje tid til måling.

– Tunet tok utruleg stor plass. Men i februar i fjor blei eg tvinga med til Viddal for å måle. Eg stod ute og fraus og måla Nessethornet. Då fekk eg ei fantastisk oppleving og ei meistringskjensle, fortel ho og legg til:

– Eg tenkte: Kvifor målar eg ikkje? Eg likar det, og får det til. Eg har det i fingrane.

Når ho først kom i gang, visste ho at det skulle bli ein serie bilde, men ho begynte å måle utan mål. I bilda dukkar det ofte opp kvinner, slik det også har gjort tidlegare.

– Kvinnene kom av seg sjølv no også. Og så er eg interessert i norrøn tid, og har brukt dette som estetisk verkemiddel, fortel Marita Bett som siste året har budd litt i Ålesund og litt i Bakketunet. Og begge plassar har ho hatt atelier, der bilda som no blir stilt ut har blitt til.

Ho har jobba frilans som kunstformidlar på Jugendstilsenteret og Kube. Ho har også hatt litt formidlingsoppdrag i Aasentunet i Hovdebygda. Og ho har samla inspirasjon.

Ulvar og hulder

Fargane i måleria hennar speglar av naturen. Grønt og blått dominerer. Ein kjenner fjella og fjorden, og bilda formidlar litt av korleis folket før må ha hatt det – det Marita Bett kallar den immaterielle kulturarven. Ho er ikkje berre interessert i bygningane, men i livet folk levde før.

– Eg likar å kjenne etter kva forfedrane mine har følt, og plutseleg ser eg at det er dette eg brukar i bilda mine.

Ho undrar seg over kva dei som har levd i tunet før har følt når dei har gått her mellom fjella.

Kva har dei følt når dei har gått tomme for mat? Og kva har dei følt når dei har fått frø i jorda? Huldra og det overnaturlege er også kome med i bilda. Det same er redsel for ulvar – og bygdedyret.

Gjennom kunsten trekkjer ho parallellar til vår eiga tid. Det ho føler er tidlaust. I eit kvinneperspektiv ser ho mykje likt, men kvinner i dag har andre kampar å kjempe.

– Bak kvar kamp ligg mykje kraft. Og krafta får vi fram når vi lever og møter ulike utfordringar, seier ho og viser til eit bilde som ho eigentleg ville kalle kvinner i kamp, men kom til at det heller måtte bli «Kvinner med kraft».

Historie i veggane

Dei eldste husa i Bakketunet var først sett opp ved sjøen på Bjørke. På 1700-talet blei dei flytta dit dei står i dag, der dei hadde åkrane sine og dyrka jorda. Garden blei difor kalla Åkre.

Tunet er rekna for å vere det eldste heilskaplege gardstunet på Sunnmøre. Tømmeret i dei tre eldste husa er datert til 1549.

I grindløda, som er den eldste daterte grindløda i landet, sit historia bokstaveleg talt i veggane. Eine veggen er av gjenbrukt material frå ein båt.

– Det er ein åttring, og ein trur det stammar frå båtar i Otola-ulukka, fortel Marita Bett.

Denne ulukka hende 1. januar 1770. Tre kyrkjebåtar blei då tekne av snøraset som er kalla Otola, rett over fjorden for Viddal. Eit bryllaupsfølgje og eit dåpsfølgje hadde vore på Sæbø, og 27 menneske omkom i ulukka.

Grindløda i Bakketunet er gjort om til forsamlingslokale, med storskjerm og eigen mjødkrok. Og som i tidlegare tider, har eigaren tenkt gjenbruk: Stolane var tidlegare brukt i eit bedehus i Sogn.

Høyrer heime her

Første året Bakketunet opna for publikum stilte Marita Bett ut bilde samen med mor si. Det var ei retrospektiv utstilling av bilde heilt tilbake til 1950-talet.

Utstillinga no er heilt annleis. Oljemåling er ein sakte prosess som tek mykje tid. Og eigentleg hadde Marita Bett ikkje tenkt å ha noko utstilling.

– Men plutseleg såg eg at bilda høyrer heime her. No er ringen slutta, for då eg starta drifta her tenkte eg at eg kunne måle om vinteren og stille ut eigne arbeid på sommaren, seier den kreative dama, klar for å ta imot publikum i ein ny sommar.