På Facebookgruppa til Joker Hellesylt, Ringdal & co. ligg det to bilete ute no av høvevis barnemat og kondom med tilhøyrande tekst: «Heile Juli køyrer vi 50 % på ALT av barnemat, sjå bilete nr. 1 for utvalet vårt. Bilete nr. 2 har vi IKKJE sett ned 50 %».

Dagleg leiar Svein Olav Sporstøl ler høgt når Sunnmørsposten ringjer om innlegget.

– Det er ikkje eg som har lagt det ut. Dette er damene på butikken som har funne på, opplyser han og legg til at det har vore stor respons på innlegget.

– Ja, den har vore kjempestor, men førebels har det utelukkande vore positive tilbakemeldingar.

Alvorleg undertone

Trass i den humoristiske vrien er det ein alvorleg undertone for reklametilbodet. Sporstøl meiner nemleg at det er utruleg viktig å få fleire barnefamiliar til Hellesylt.

– No har vi hatt ein skule som var truga med å bli nedlagt, noko den heldigvis ikkje blei, og vi veit vi treng tilflytting. Så det er litt alvor i humoren også, seier Sporstøl, som ikkje kan seie at barnematen har «gått som varmt hvetebrød».

– Det er nok eit litt meir langsiktig mål, men vi satsar på at barnematsalet tek seg opp etter kvart.