– Vi prestar jobbar jo mykje med liv og død, og å stadig bli konfrontert med det sett jo tankane i sving, seier Sylte og fortset:

– Eg opplevde at gravleggingar var veldig vanskeleg. Det var ein periode med mykje tragiske hendingar rett og slett. Det gjorde stort inntrykk, og eg blei litt plutseleg veldig obs på at livet er veldig skjørt. Det tok litt overhand, fortel Sylte openhjartig, som plutseleg blei veldig var på kor mykje ein tek for gitt.

Tanken om å miste eit lite liv

– Ein veit aldri kor lenge du har dei du er veldig glad i rundt deg. I gravleggingar tenkte eg på borna mine. Det gjekk opp for meg at når andre kan miste sine, då kunne det like gjerne skje meg. Det blei til at dette var noko eg tenkte litt for mykje på, seier Sylte som fekk eit vondt forhold til ein av salmane som er mykje brukt i gravleggingar.

– Særleg salmen "Ein fin liten blome", synest eg var litt ekkel. Den vesle blomen blei liksom symbolet på eit lite liv. Eit born. Det var ein litt vanskeleg periode for meg, seier han.

Tek salmen tilbake

Sidan den tid har han gått nokre rundar meg seg sjølv, og dei vonde tankane held seg på avstand.

– Etterkvart fant et mine strategiar for å kunne stå i avmakta. Blant anna fann eg ut kor viktig det er å ventilere følelsar, før dei byggjer seg opp. Det er slike tankar ein må gjennom når ein jobbar med liv og død, men ein treng ikkje å gjere det åleine. Det er slike ting vi er nøydd til å stelle oss til, og det pressa meg litt inn i ein fordøyelsesprosess, seier Sylte som har hatt det mykje betre dei siste åra. No jobbar han som prest i Vestnes og Fiksdal.

Likevel blei det til at songen "Ein fin liten blome" høyrde til blant det vonde. I vår bestemte han seg difor for å ta den tilbake.

– Eg ville ta salmen litt tilbake, og rappe har eg gjort lenge, seier Sylte som fekk med seg dottera Aldine (11) til å syngje refrenga.

– Akkurat det var viktig for meg. Men ho veit ikkje om sin faders kamp ho altså. Det er ikkje noko ho skal tenkje på, sånn sett skal det berre vere eit kult musikkprosjekt. Dei vonde tankane har eg bearbeida for lenge sidan, no har vi hatt det kjekt, understrekar han.

Ein "pappa-rap"

– Eg føler vi har lykkes med å ta den tilbake. Salmen er jo kjempefin den, men kanskje er det ein av grunnane til at det rører ved meg og mange andre; Den treffer, seier Sylte og legg til at han sjølv har tolka teksten og tatt utgangspunkt i sine eigne tankar. Mellom dei originale versa (som blir brukt som refreng i denne versjonen) rappar han nemleg sin eigen tekst.

– Det blei ein slik song om å ta vare på kvarandre. Det er absolutt alvor i teksten: Ein må vere til stade her og no, seier Sylte. Han rappar som "pappa" i låten, og fortel om ein fars forhold til barnet sitt.

– Er du redd for å miste dine eigne, så er det du kan gjere å ta vare på dei her og no. Vi må bruke det vonde til noko positivt. Ikkje ta noko for gitt. Foreldre vil nok kjenne seg igjen i denne. I ein kvardag er det fort og bli stressa og sur. Når ungane ikkje vil legge seg om kvelden, er det lett å gløyme kva for ein gåve dei eigentleg er. Men det finst jo faktisk folk som har mista det kjæraste dei har, seier han og samanfattar kva rapparen vil fram til:

– Personen veljar å vere til stades her og no, for ungane sine. Dei skal ikkje settast på vent, slår han fast. I tillegg til rappen har han også skreve boka "#sorg" som handler om mykje av det samme.

Ærleg

Og ærleg er det, slik som rap-sjangeren gjerne er. Det er difor Sylte likar denne musikken så godt: Kall ei spade for ei spade.

– Også slepp ein å syngje så høge tonar. Det er eg ikkje så god på, men rett frå levera er det likevel. Sjølv om det ikkje er noko aggressiv rap, blir det nok ikkje denne versjonen vi brukar i gravleggingar med det fyrste likevel, ler Sylte.

4. juli slepp dei låten, som Jonas Høgseth har laga musikken til. Men allereie 2. juli tjuvstartar dei med feiring på Skuleheim i Tresfjord.