Oppdatering: Ein redningsbil fekk vogntoget ombord i ferja, slik at ho kunne fortsette ferda. Hornelen går derfor som normalt frå søndag morgon.

20.30 melder Fjord1 at sambandet mellom Måløy og Oldeide er innstilt inntil vidare, grunna blokkering av ferjekaia i Måløy.

Blokkeringa skal skuldast at ei anna ferje blokkerer for den ordinære ferja, Hornelen, melder Fjordenes Tidende. Dei opplyser vidare at ferja som blokkerer er ein privat aktør, og at problema oppstod då eit vogntog med ein tilhengar frå eit tivoli skulle køyre om bord i den 30 meter lange ferja. Slik det er no, står vogntoget med den fremste delen av tilhengaren på ferja, medan den bakre delen står på ferjelemmen.