– Kommunane som får middel er plukket ut etter å ha blitt vurdert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fylkesmennene rundt om i landet, seier leder i kommunal og forvaltningskomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad frå Frp til NRK. Totalt er det snakk om 23 kommunar som mottar ein del av potten. Ikkje alle kommunane som har vore positive til samanslåingane, og vil komme dårlegare ut på inntektssida etter kommunereforma, vil motta støtte.

– Vi har som sagt gjort ei vurdering saman med fylkesmannen. Der har vi blant anna sett på om kommunane har fått kompensert inntektstapet på andre måtar, seier Njåstad til NRK.

Ulstein i toppen

Ulstein er ein av kommunane som får tildelast mest støtte. Dei får 2.078.000 kroner til å styrke budsjettet sitt.

– Eg tenker at dette er veldig positivt. Vi har jobba aktivt med kommunereforma, og prøvde å oppfylle det regjeringa og stortingsfleirtalet ville. Diverre lykkast vi ikkej med det, men at vi skulle blitt straffa for det ved å kome dårlegare ut på inntektssida hadde vore urimeleg, seier ordførar i Ulstein kommune, Knut Erik Engh. Pengane skal dei bruke til å styrke overskotet i kommunen.

Vil rette opp i økonomien

– Eg meiner at vi gjorde ein seriøs og god jobb med kommunereforma. Håpet vårt var jo først og fremst ein større konsultasjon på ytre søre Sunnmøre. Men så var det då Herøy vi ikkje lykkkast med, seier ordførar i Sande kommune, Dag Vaagen. Dei tek imot 337.000 kroner.

– 300.000 er gode pengar for Sande kommune. Vi jobbar jo litt no med å rette opp økonomien, og då kjem dette godt med, seier han.

Stryn er også blant dei som får ein del av potten. 781.000 kroner i frie midlar tek dei imot.