Ulstein i mål med første cruisejobb på meir enn 20 år:

Ekspedisjonsskipet som no får namnet «Ocean Adventurer», har vore gjennom ei omfattande ombygging sidan april. Ulstein-gruppa sikta seg inn mot passasjerskipmarknaden for to år sidan og oppdraget er det første for verftet av denne typen sidan hurtigruteskipet Polarlys blei levert i 1996.

Må permittere

Eit skår i gleda over å kapre nye marknad, er at det framleis ikkje gir nok arbeid til å halde alle koken utan permitteringar.

– Vi har ein del personar som blir permitterte fram til oktober, etter det blir det stor aktivitet, både med bygging av yachten og bygging av vindstøttefartøyet til Acta Marine, som begge skal leverast i 2018, fortel verftsdirektør Kristian Sætre.

Talet på kor mange som blir utan arbeid kan ikkje Sætre opplyse no, og seier dei vil ha betre oversikt etter ferien.

Krevjande kombinasjon

Sjølve arbeidet med å bygge om det meir enn 40 år gamle skipet har vore noko utom det vanlege.

– I løpet av ombyggingsprosjektet har vi gjennomført ei rekkje kompliserte operasjonar, fortel Sætre.

I tillegg til å ruste opp lugarane, installere nye luksussuiter og bygge om fellesareal – har skipet fått nytt hovudutstyr som gir, generator og nye motorar frå Rolls-Royce.

– Det er krevjande å skulle sette kombinere gamalt og nytt om bord i ein båt på denne måten.

Erfaringane med å byggje om det is-forsterka skipet som går i cruise til fjerntliggjande strøk, kjem godt med når nye jobbar med passasjerskip ventar.

– Vi måtte sette saman tverrfaglege team for å løyse oppgåva. Vi er glade for at vi har ein arbeidsstokk med lang erfaring og mykje kompetanse, slik at vi fekk utført arbeidet på ein god måte, seier han.

Hektisk neste år

Etter jobben med den nemnde yachten og vindfartøyet, skal verftet ta til på prestisjejobben med å bygge Color Line si nye hybridferje. Det ligg difor an til høg aktivitet utover i 2018.

Yachten som får X-Bow-baug, skal byggjast for ein privatperson og blir det første av denne type fartøy frå verftet. Oppdraget er eit samarbeid mellom Ulstein og den anerkjende yachtdesignaren Espen Øino og har allereie gitt mykje å gjere for andre delar av konsernet.

«Ocean Adventurer» blei bygd i dåverande i Jugoslavia i 1975. No har skipet blitt bygd om i hallen til Ulstein verft i Ulsteinvik. Skipseigarane er førebels tilbakehaldne med å sleppe pressa om bord for å ta bilde inne i skipet, men Sunnmørsposten har fått desse bilda frå informasjonsavdelinga i konsernet. Foto: Ulstein Group Foto: Ulsteiin Group