Først vurderte banken å selje dei tre hyttefelta dei hadde fått i hendene samla, men fekk tilbakemeldingar på at dei då ville gå på eit stort tap, forklarar Roy Henning Haddal i Sparebank 1 Søre Sunnmøre til Møre-Nytt , som først skreiv om saka.

Valet fall på eit grep som er svært populært på Sunnmøre, nemleg dumpe prisen på dei flotte hyttetomtene på Standalseide, i hjartet av Sunnmørsalpane, og selje dei einskildvis via finn.no, og sjølvsagt kjente sunnmøringane og andre besøkelsestida si. Kjøparane er hovudsakleg fra ålesundsområdet og ifrå Ørsta/Volda.

– Det ervel rett å seie at vi dumpa prisane samanlikna med den opphavlege verdien. Det vi opplevde, var nærast ein eksplosjon i interesse, fortel Haddal til Møre-Nytt.

Etter konkursen i Standal Alpesenter hadde banken 35 hyttetomter å selje. No er 19 seld.

– Nokre er i gang med å byggje ut hytter allereie, medan andre ser ut til å vente, og kanskje har tenkt på kjøpet som ei investering, fortel Haddal til Møre-Nytt .