– Eg har fått vite at dette truleg er eit av dei ti eldste bygningane i Møre og Romsdal som framleis står, seier Arne Sandnes.

Ordføraren i Norddal er meir enn gjennomsnittet interessert i gamle bygningar.

Sterkt falleferdig

På midten av 1980-talet overtok han det sterkt falleferdige stabburet, som då stod på Hjellbakkane på Grønning:

PLAKAT Her er beviset på at riksantikvar Jørn Holme har registrert stabburet som eit freda kulturminne, seier Arne Sandnes.

– Eg flytta det til Gjerde, og sette mellom anna nytt tak på det. Her vart stabburet mellom anna nytta til leikarstove.

Nokså tilfeldig fekk riksantikvaren, som var i Valldal i eit anna ærend, auge på stabburet. Han meinte at dette måtte vere frå mellomalderen.

Jon Bojer Godal, som er ekspert på tradisjonshandverk, inspiserte bygget, og slo fast at stabburet var svært verneverdig.

Og det har riksantivar Jørn Holme no slått fast, og stabburet er utsmykka med ei erklæring om at dette er eit «freda kulturminne».

– Stabburet er eit viktig hus og eit tidstypisk døme. Det syner kontinuitet i husbygging frå mellomalderen og fram til i dag i denne delen av landet, skriv Jon Bojer Godal i ei erklæring.

Fann busetnad frå før Kristus: Gardstunet full av spor frå jarnalderen

«Presis og fin tømring»

I si analyse peikar han på at det er eit lite stabbur, hogd saman av halvklovningar frå grovt tømmer. Dei fleste stokkane ligg med mergen inn. Stokkforma er det vi kallar flatmaga, som er typisk for tida.

Han legg til at det er ei presis og fin tømring. Ein gong i seinare tid er innvendige vegger måla gule.

Han fekk ja til begge delar.

– Restaureringsarbeidet har Kåre Løvoll gjort på ein framifrå måte, seier Sandnes.

Trappeheller

Steinen til murane har Sandnes fått tak i på Gjermundnes i Vestnes, medan trappehellene er frå gamlehuset på Bjørstad.

– Det er få hus på Vestlandet som har overlevd så lenge som dette. Eg håper det kjem til å stå i fleire hundre år til. Eg kviler iallfall augo på dette stabburet kvar dag, noko som gjev meg ei ro i sjela, seier han.