– I Geiranger har vi ingen vaktordning som brannmenn. Vi kan ikkje gi ein 100 prosent garanti for at brannvesenet er på plass på kort varsel, fortel Jon Erlend Vinje. Han er brannmann i Geiranger ved sida av annan fulltidsjobb.

Saman med ei rekke andre fremmar han no bekymringar om beredskapen i den verdskjende turistbygda.

LES OGSÅ: – Stranda kan ikkje ta heile støyten

Ikkje optimalt

Situasjonen i dag er at det ikkje er brannpersonell i 100 prosent beredskap i Geiranger. Bygda har tolv personar som blir tilkalla om ulykker oppstår, men desse er ikkje underlagt ei vaktordning. Det vil i praksis seie at ingen har krav om å vere i bygda eller vere tilgjengeleg.

– Vi er klar over situasjonen. Vi har brukt mykje pengar på brannberedskap og har etter beste evne prøvd å verne denne delen i budsjettet. Men det er heilt opplagt at vi ikkje er i mål, svarer ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp).

Ordføraren I Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, seier at beredskapen er høgt prioritert, men vedkjenner forbetringspotensiale. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Storinnrykk

Praksisen med brannmenn på tilkalling er ein utbreitt og funksjonell praksis. Grunnen til at det blir fremja bekymringar akkurat no, er den stadig veksande turiststraumen som kjem til fjordbygda på sommaren .

– Utanfor turistsesongen vil eg seie vi har kontroll, men akkurat no som tusenvis besøker bygda, og sjansen er stor for at også vi brannfolk er på ferie, burde vi ha betre beredskap, forklarer Vinje.

Planla vaktordning

Vinje får støtte frå brannsjef i Stranda, Inge Teigen. Brannvesenet føreslo i år ei vaktordning. Det fekk dei ikkje pengar til.

Koker i topplokket

– Det burde vere ei ordning. Spesielt no som turismen trykker på som hardast. Her er eit betydeleg tal folk på dei mest aktive dagane, noko som gjer at risikoen aukar. Det forklarar Ove Skylstad, dagleg leiar i Destinasjon Geirangerfjord – Trollstigen AS.

Også tillitsvalt for ambulansen i Geiranger, Rune Krogstad, er oppgitt.

Aukar risikoen

Lova når det kjem til beredskap er klar. Brannvesenet skal til ein kvar tid vurdere risiko som oppstår på grunn av spesielle forhold, enten desse er stadig tilbakevendande eller eingongstilfelle. Stor turisttilstrøyming aukar brannrisikoen som kommunen skal ta omsyn til.

Svarer på kritikken

– Kritikken er legitim. Ja, vi skal og bør bli betre, men eg meiner vi har ein anstendig beredskap, svarer Tryggestad på kritikken. Han lovar at kommunen tek det på sterkaste alvor.

Rådmann, Åse Elin Hole, seier at Stranda kommune skal sjå nærare på situasjonen.

– Det er ei oppmoding om at vi har eit mål å strekke oss mot. Vi kan og skal bli betre på vår tenesteyting i hektiske periodar i Geiranger, fortel Hole. Både ho og brannsjefen vil analysere risikoen rundt situasjonen i Geiranger.