– Det blir festtalar og støtteerklæringar, men når det kjem til dei harde realitetane følar eg både staten og andre aktørar skuggar bana. Då sit kommunen til slutt med ansvaret og ein stor økonomisk post, forklarar Jan Ove Tryggestad (Sp).

Sunnmørsposten skreiv i går om bekymringar rundt beredskapssituasjonen i Geiranger, og eit brannvesen som ikkje har vaktordning i den travlaste sommarsesongen. Ein situasjon som Stranda kommune beskriv som svært vanskeleg.

– Når vi skal legge til rette for vore innbyggjarar må vi bygge heilårsstrukturen på dei fastbuande. Den enorme kontrasten mellom dei fast busette og turiststraumen er nesten umogleg å handtere for ei lita kommune, understrekar Tryggestad.

– Vi snakkar om eit av landets viktigaste ikon for norsk reiseliv, med eit publikum som nærmar seg ein million. Det utfordrar Stranda ekstremt i forhold til å legge til rette for heile verdikjeda. Dette inneber også sikkerheit og beredskap, held han fram.

BAKGRUNN: Slår alarm om beredskap i Geiranger (pluss)

Treng hjelp

Ordføraren meiner det er feil at Stranda skal ta det meste av kostnadane som turistflaumen medfører. Heile Norge brukar Geiranger som ein gallionsfigur, og burde derfor dele på utgiftene som det medfører.

– Ein må øyremerke middel til tiltak rundt og i Geiranger. Stat, fylke og kommune må i fellesskap sette av middel til å bygge infrastrukturen rundt denne verdsarven, seier Tryggestad. Han spesifiserer at støtta frå fylket har vore bra. Han er også klar på at folketilstrøyminga avlar inntekter, men dei inntektene er stort sett dei private aktørane som sikrar seg. Det offentlege er i liten grad med på den inntektsflyten ifølgje Tryggestad.

Utfordrar regjeringa

Strandaordføraren ynskjer, på bakgrunn av det som står i saka å utfordre regjeringa på situasjonen i Geiranger. Sunnmørsposten er i kontakt fleire departement, men ingen av dei har endå kome med ei offisiell utsegn.