TOMREFJORD (Romsdals Budstikke): Skigruppa i Tomrefjord idrettslag har drifta løypenettet på Tomrefjellet i 15 år. Alt er gjort på dugnad, utan tilskot frå det offentlege.

I 2006 vart det kjøpt inn ny trakkemaskin. Den er no moden for utskifting.

Spleiselag

– Vi har fått inntil 500.000 kroner i kommunal garanti, Sparebanken Møre gir 100.000, Vik Elektro og Axel AS støttar opp med 50.000 kvar. Vi har også ein del midlar sjølve, no manglar vi 600.000 kroner til å ha fullfinansiert kjøpet. Maskinen skal betalast i euro, høg eurokurs gjer at det blir dyrare enn vi først hadde sett for oss, seier Jon Hølmo, leiar i skigruppa i Tomrefjord IL.

Han inviterer både næringsliv og private til å engasjere seg, slik at den nye trakkemaskinen kan vere på plass til vinteren. Det er målet.

Dugnadsånd

Jon Hølmo lovprisar dugnadsviljen til folk i Tomrefjord. Det har blant anna resultert i ei lysløype til 2,5 millionar kroner og ei topp moderne varmestue. No blir det opparbeidd ein ny sprinttrasé.

Den 4,5 kilometer lange vegen frå bygda opp til varmestua er bomveg. Men oppe på fjellet er alt gratis, slik skal det også vere i framtida, lovar Jon Hølmo.

– Skal du ut på ski i Mellom-Europa må du betale for å bruke løypene. Slik vil vi ikkje ha det her. Eg er glad for at folk støttar opp om dette skisenteret. Dei tre tomtene vi har bygningar på, har vi fått gratis av grunneigarane, på løypenettet er det langsiktige avtalar. Samarbeidet med kommunen er også svært godt, seier Jon Hølmo.

Aukande trafikk

Tomrefjellet blir flittig brukt av folk frå Tomrefjord. Men det er enda fleire frå Sunnmøre her, det er lett tilgang til fjellet både frå Ørskog og Skodje. Turområdet ligg i alle dei tre kommunane. 400 personar har no kjøpt årskort på setervegen, trafikken er aukande.

Denne saka blei først publisert på Rbnett.

OMFATTANDE LØYPENETT Leiar i skigruppa i Tomrefjord IL, Jon Hølmo, orienterer om løypenettet på Tomrefjellet og området rundt Svartløken. Foto: OLAV SKJEGSTAD