Før slaget Steinar og Inger har hytte i Førdefjorden, og Steinar har vore ein ivrig fiskar. Draumen er å kome seg ut i båten igjen. Foto: Privat

Som logoped har Steinar Sandnes (66) jobba tett med slagpasientar. Då han datt om på kjøkengolvet og kjende at heile venstresida av kroppen var lamma, forstod han med ein gong kva som hende.

– Eg var åleine heime då det skjedde. Opp i alt vart eg glad då eg forstod at talesenteret ikkje var råka av hjerneslaget. Eg hadde framleis språket og ropte alt eg kunne på hjelp, fortel han.

Håpet var at nokon gjekk forbi i turløypa like bak huset og høyrde ropa hans. Men ingen kom Steinar til unnsetning, og alvoret tok til å sige innover han.

Ni dagar tidlegare hadde Steinar og kona Inger gått av med pensjon. Han har jobba som spesialpedagog og logoped i Nordfjord heile yrkeslivet, medan kona har vore hjelpepleiar. Dei to hadde mange planar for eit aktivt pensjonistliv. Dei skulle vere meir på hytta, reise på cruise i Karibia, på tur med Hurtigruten, og Steinar skulle lære barneborna å fiske og sløye fisk.

Men så kom Inger heim og fann mannen sin hjelpelaus og lam i halve kroppen. Då hadde det gått ein og ein halv time sidan han datt om.

Boklansering

Gåhjelp Steinar har ei lita datamaskin på leggen som hjelper pasientar med såkalla droppfot til å løfte fotbladet når ein går. Apparatet heiter WalkAide. Foto: Privat

No er det over to år sidan Steinar Sandnes fekk slag, og sist veke lanserte han boka «Hjerneslag. Kampen min for eit verdig liv» på Selja Forlag. I den svært personlege boka skildrar han det fysiske og psykiske omfanget av eit hjerneslag, og sitt møte med helsevesenet – på godt og vondt. I boka skriv 66-åringen frå Vanylven, busett på Sandane, også om den knallharde jobben som måtte til for å kome seg på føtene igjen. Han fortel vidare om samarbeidet med sjukehus, spesialisthelsetenesta og det kommunale hjelpeapparatet.

– Eg visste godt at kvart minutt tel når du får slag. Likevel tok det rundt 30 timar frå 113 vart varsla til eg vart operert på Haukeland universitetssjukehus i Bergen, fortel Steinar.

Han har klaga på den lange ventetida, og saka er til behandling i Pasientskadenemnda.

Hol i hovudet

Dramatisk: Steinar fekk fleire hjerneblødningar og epileptiske anfall på Eid sjukehus den første natta etter den første hjerneblødninga heime. Foto: Privat

Etter at kona fann Steinar på kjøkengolvet vart han henta med ambulanse til Eid sjukehus. Der vart det konstatert at mannen hadde hatt ei stor hjernebløding. Haukeland universitetssjukehus vart kontakta, og derifrå skal det ha vorte rådd til å gi Steinar konservativ behandling på sjukehuset på Nordfjordeid. Men i løpet av natta fekk pasienten fleire blødingar og epileptiske anfall. Situasjonen var alvorleg, Steinar var no også delvis lamma i høgresida av kroppen. Om ettermiddagen vart han send til Haukeland med luftambulansen, og først etter midnatt vart han operert på sjukehuset der.

– Legane bora fire hol i hovudet på meg og vippa opp ei luke i skallen for å suge ut blod og tette dei blødingane dei såg, fortel 66-åringen.

Så fort han var i stand til det tok Steinar til å trene. Frå si erfaring med slagpasientar visste han at systematisk trening frå første stund er avgjerande for korleis kroppsfunksjonen til ein slagramma vert resten av livet. Etter kvart fekk han tilbake rørsleevna i høgrehanda, og han kom seg ut av rullestolen. No går han med hjelp av rullator, han har noko rørsleevne i venstrehanda, medan venstrefoten får hjelp av ei lita datamaskin, ein såkalla WalkAide til å løfte fotbladet når Steinar går.

Varig skade

Trening Så fort han var i stand til det etter hjerneslaget, tok Steinar til å trene - han ville på føtene igjen. Foto: Privat

– Venstrefoten har fått ein varig skade, og eg må vere innstilt på at han vil vere slik resten av livet. Men det betyr ikkje at eg har gitt opp håpet om at muskelen i foten ein dag vil gripe igjen. Som eg skriv i boka: Eg gir meg aldri – og ikkje då heller!

Fordi Steinar ikkje hugsa alt som skjedde den første tida etter hjerneslaget, skreiv kona Inger ein logg over hendingar og framsteg. Då Steinar vart bra igjen i høgrehanda, tok han til å notere sjølv.

Uteplass Steinar og Inger har fått ny, stor terrasse bak huset som ligg heilt opp i skogen i Nordåsen på Sandane. Her kan Steinar trille rett ut frå stova med rullatoren. – Det er så godt å ha denne uteplassen, synest 66-åringen. Foto: Privat

– I starten tenkte eg ikkje på å skrive bok, det var meir for å dokumentere det som hadde skjedd. Men då eg var på opptrening på sjukehuset i Førde, var det fleire der som synest det var interessant med ein slagramma som var logoped, og som hadde god kjennskap til kva behandling som er bra for slagpasientar. Du må lage ei bok, sa dei.

Og bok har det altså blitt. Bokskrivinga har vore god terapi på fleire måtar, både for kropp og sinn. Steinar trur at boka hans kan vere ei god støtte for slagpasientar og deira pårørande, og at ho også kan vere nyttig for opplærings- og behandlingsinstitusjonar, og det kommunale hjelpeapparatet.

– Eg har fått mykje god hjelp, og eg skal ikkje klage over å måtte betale skatt – eg ser no at pengane kjem til nytte. Slagpasientar kostar samfunnet millionar av kroner, seier 66-åringen.

Påbygg

Huset til Steinar og Inger i Nordåsen på Sandane har gjennomgått nokre forandringar etter at Steinar vart ramma av slag. Dei har fått heis mellom første og andre etasje, kjøkenet er bygd på, dørstokkar er fjerna, og dei har fått ein flott terrasse på baksida av huset der Steinar kan gå rett ut frå stova med rullatoren.

Tilbake på hytta Steinar får hjelp av kona Inger til å kome seg opp bakken til hytta i Førdefjorden, for første gong etter hjerneslaget. – Det er ei stor sorg å måtte sitje på land og sjå makrellen vake i fjorden, men målet er å kome seg opp i båten igjen, seier Steinar. Foto: Privat

Pensjonisttilværet vart heilt annleis enn ekteparet hadde sett føre seg. Steinar er heilt avhengig av Inger si hjelp for å kunne bu heime.

– Inger si hjelp, støtte og pågangsmot er uvurderleg. Eg er heldig som har henne, seier Steinar.

– Eg har no vore hjelpepleiar og likt jobben min godt, så dette går fint. Vi klarer det, smiler Inger.

Ho og Steinar har vore saman sidan dei var 16 år. Dei to vel å fokusere på kva Steinar kan klare å gjere, i staden for kva han ikkje får til. Ein draum er å kome seg i båten på hytta igjen, for å setje garn. Steinar har også eit hårete mål om å kome seg på heimesetra i Vanylven.

– Ein tur med hurtigruta er framleis realistisk å få til, og det er mange stader i syden som er tilrettelagde for rørslehemma, så på tur skal vi, seier Inger.

Ho er takknemleg for at ho framleis har mannen sin hos seg.

– Eg er glad for at eg overlevde. Eg var på dødens rand då eg vart operert, og operasjonen redda livet mitt. Livet blir aldri det same som før, men eg er glad eg sit att med dei funksjonane og den livskvaliteten eg har klart å opparbeide meg etter hjerneslaget, seier Steinar.