I helga har det vore fullt av turistar i Hellesylt, med cruiseskip på besøk og tilreisande til Hellesyltdagane. Sunnylven kyrkje held opent heile sommaren, frå morgon til kveld, slik at besøkjande kan sjå seg om i den vakre kyrkja. Og mange nyttar mogelegheita til det - men denne gongen var det nokon som nytta den til noko heilt anna.

– Eit simpelt tjuveri. Dei har rett og slett teke kollektboksen ifrå veggen, knust den med hammar og stole pengane. Det er simpelt å stele pengar som andre har gitt i gåve. Dette er pengar som skal gå til kyrkja, drifta og ungdomsarbeid, seier Stig Tryggestad, leiar av soknerådet i Sunnylven kyrkjelyd.

Han meiner tjuveriet må ha skjedd etter gudstenesta og før klokka 18 søndag.

Meldast

Kyrkja var i kontakt med politiet i går, men då hadde ikkje politiet mogelegheit til å ta tak i saka, men tjuveriet skal meldast til politiet.

Hammaren hadde tjuvane funne på eit siderom i kyrkja. Tryggestad seier at det er fleire dagar sidan boksa vart tømt sist. Han vil ikkje spekulere i kor mykje som var i den.

Tillit

Det var ein cruiseturist som oppdaga tjuveriet og varsla ein nabo av kyrkja.

– Kyrkja vert opna kvar morgon og låst om kvelden, og at kyrkja er open er basert på tillit. Vi har ikkje råd til å løne nokon for å vere der. Det har uansett fungert veldig godt i mange år med denne løysinga, seier soknerådsleiaren og legg til at dei vil halde fram med den.

– Vi vil sette opp att ei ny kollektboks, for eg trur ikkje det er mange rundt om som gjer slikt som dette, seier Tryggestad.