Ein einsleg motorsykkel var involvert i ei trafikkulukke ved Alvestad i Haram.

Føraren av motorsykkelen var medviten etter å ha hamna utfor vegen, men blei brakt med ambulanse til sjukehuset i Ålesund.

Mannen skal ha hatt smerter i brystet, men ser ikkje ut til å ha fått alvorlege skader, opplyser operasjonsleiar Per Åge Ferstad hos politiet i Møre og Romsdal til smp.no.

Naudetatane er på veg til staden, melde politiet i Møre og Romsdal på Twitter klokka 12.20.

Politiet kom til staden litt før klokka 13 og hadde då ikkje fleire opplysningar om korleis utforkøyringa hadde skjedd.

Smp.no følgjer saka.