Rolls-Royce sitt produksjonsanlegg på Longva har gjennomført ei stor investering i sin produksjon. Bedrifta har nyleg skaffa seg ei maskin som automatisk bårer ut hol og klargjer materialet som deira elektroskap består av.

– Det er ganske enkelt ei maskin som tek over manuelt arbeid knytt til å klargjere elektriske skap for installering av komponentar, forklarer Tommas Brugrand, fabrikksjef på for Rolls-Royce på Longva.

Han forklarer at investeringa også er gjort med HMS i tankane, då det manuelle arbeidet har ein viss risiko knytt til seg.

Nummer to i landet

Inne på fabrikken får vi sjå det teknologiske vidunderet som jobbar med enorm effektivitet. Maskinkomponenten som fyrst fangar auge er robotarma som sjølv vel verktøya den skal bruke. Alt i forhold til kva teikningar som ligg i dens programmering.

– Dette er den andre maskina av denne typen som blir installert i Norge. Og det er jo litt kjekt at den står på Longva, seier fabrikksjefen med glimt i auge.

Men kva med arbeidsplassar?

Brugrand forstår at automasjonspøkelse kanskje verkar skremmande for folk sine arbeidsplassar. Han forsikrar derimot om at ingen arbeidsplassar forsvinn frå Longva.

– Ein har berre fått eit nytt verktøy. Verktøyet krev framleis ein operatør, forklarer Brugrand.

– Eg vil også driste meg til å spå fleire arbeidsplassar, held han fram.

Dette er ein påstand også Per Magnusson støtter. Han er produktsjef for selskapet Rittal som leverer maskina. Han viser til andre bedrifter som har gjort liknande investeringar, og har auka produksjonen.

Teamleiar for arbeidarane som skal bruke den nye maskina, Egil Aakre, seier at dette er ei utvikling dei ikkje ser som trugande for sitt arbeid. Det er heller til hjelp ifølge han.

Konkurransedyktigheit.

Med slike investeringar gir ein seg sjølv gode kort på handa og ein blir konkurransedyktig. Dette gjer at ein klarer å behalde produksjon i landet, forklarer regionsjefen for Rittal, Morten Solheim.

Han meiner at dette gjer Rolls-Royce i stand til å levere produkt som møter kundanes krav til kvalitet og pris.