– Folk snakka om at «ho hadde sikkert på seg lite klede eller at ho sikkert nok hadde flørta». Dette har blitt sagt framfor meg og familien. Eg fekk også stygge meldingar og truslar frå ulike personar. Det kunne i meldingane stå «kven trur du at du er». Det blei til at eg såg meg over skuldra og følte alle snakka stygt om meg. Det var ubehageleg og skummelt, fortel tenåringsjenta.

Saka blei kjend som asylsaka. Gutane som blei meldt til politiet var mindreårige asylsøkarar i Ulsteinvik. Rykta som blei spreidd handla blant anna om kor merksamdsjuk jenta var eller at det var rasistisk å anklage gutane for overgrep.

Familien opplevde bygdesnakket både i kantiner og klasserom. Til slutt blei det for tungt å bu i bygda. Sommaren 2016 flytta ho til utlandet saman med mor og bror.

– Eg sat mykje heime og grein. Det var godt å kome seg bort, og det har hjelpt meg å flytte, seier ho.

I grenseland - den vonde asylsaka Det er over 8.500 einslege asylsøkjarar under 18 år i Norge. Møtet med norsk kultur er ei stor utfordring. Det har dei fått erfare i Ulstein. Tung tid

Faren til jenta fortel det har vore tungt å stå midt oppi dette. Han bur framleis i Ulstein.

Både far og dotter forstår ikkje korleis menneskjer kan oppføre seg slik som enkelte har gjort i denne saka.

– Det er dårleg oppførsel. Eg forstår ikkje at nokon kan seie slike ting utan å tenke på konsekvensane for den det gjeld. Alle trur dei har visst noko om saka, sjølv om det ikkje er tilfelle, og så skal dei gjer seg populære ved å prate om saka. Det er barnsleg. Ein kan ikkje halde på slik, meiner jenta.

Ho meiner ryktespreiinga og bygdesnakket ikkje er greitt, og seier at det ikkje har vore ein hjelpande faktor i ei tøff tid.

Lesarinnlegg: «I etterkant av eit traume treng ein støtte, forståing og respekt, ikkje bygdesnakk»

Oppvekstsjefen: – Kjenner ikkje saka

–Vart stempla som rasist

Dei meldte gutane blei flytta til andre mottak og bort frå Ulstein ungdomsskule der dei hadde undervisning. Saka fekk konsekvensar for dei andre asylsøkarane som hadde undervisning på skulen. Det handla hovudsakeleg om at jenter følte seg trakasserte av dei unge gutane. Ordføraren greip inn og undervisninga for alle dei 26 asylsøkarane blei flytta vekk frå ungdomsskulen. Fylkesmannen konkluderte seinare at dette var eit ulovleg utvisingsvedtak.

Jenta meiner det ikkje er riktig å gå etter etniske grupper, og at fokuset på saka blei feil.

– Eg føler eg har blitt framstilt som syndebukken. Eg anmeldte på same måte som eg ville om det var ein nordmann. Gutane ville bli behandla som nordmenn, men når eg gjorde det so vart eg stempla som rasist, fortel jenta.

– Dette hadde ikkje skjedd viss det var snakk om nordmenn, meiner faren.

– Eg forventa at sakene skulle bli henlagt. Slike saker er vanskeleg på grunn av bevis, seier jenta som opplev at forklaringa hennar ikkje blir oppfatta som usann.

Førstestatsadvokat Jan Hoel i Møre og Romsdal seier dei ikkje trekker jentas forklaring i tvil.

– Ein statsadvokat skal vere overbevist om sikta si skuld og i tillegg må vere av den oppfatning at straffskyld kan bevises i retten. Særleg i overgrepssaker utan tekniske bevis kan det vere vanskeleg å få gjennomslag i retten. Situasjonen kan då vere den at fornærmedes forklaring ikkje trekkes i tvil samtidig som muligheten for ein fellande dom fremstår som noko fjern, forklarar han.

– Eit kollektivt ansvar

Seniorrådgiver Elisabeth Grøtteland ved Barne -, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) seier det er veldig tøft å oppleve rykteflaum mot seg.

– Det å utsettes for rykter og mistenkeliggjøring er skadeleg for dei som opplev det. Det å føle seg utstøtt frå eit samfunn kan opplevast som skam og ei krenking. Skamfølelsen er skadeleg for helsa og kan føre til langvarige konsekvensar. Følelse av krenkelse og skam er som gift for eit menneske, fortel Grøtteland, som er fungerande seksjonsleiar ved voldsseksjonen i oppvekstavdelinga i Bufdir.

Grøtteland understrekar at ho ikkje kjenner til denne konkrete saka i Ulstein og at ho uttalar seg på generelt grunnlag.

– Eg vil presisere at når det handlar om barn og unge er det ein endå meir sårbar situasjon. Då er det viktig at vaksne forvaltar dei ulike rollene dei har i eit lokalsamfunn. Viss ein bidreg til rykter kan ein bidra til å skade den psykiske helsa til den som opplev det. Her har alle eit kollektivt ansvar, seier ho.

Vidare seier ho at barn og unge treng å vokse opp i eit miljø med tillit og tryggleik, der ein kan tørre å melde ifrå om noko er ille.

– Ingen skal utsettes for hets og rykter fordi dei anmelder saker til politiet. Det er ein form sosial kontroll mot individets rett til å seie ifrå om noko dei opplev er galt. Det kan føre til at andre ikkje tør å anmelde straffbare forhold. Ein kultur kor ein ikkje kan seie ifrå, er ikkje gode forutsetingar for eit trygt og godt oppvekstmiljø, fortel Grøtteland.

Grøtteland påpeiker at ein må ha respekt for den enkelte etat og myndighets rolle.

– Om nokon meld eit forhold til politiet, så er det berre politiet som skal vurdere innhaldet i anmeldelsen, seier ho.

Tverrfagleg samarbeid

Grøtteland seier at heile familier kan kjenne på krenking når det gjeld rykter.

– Viss ei familie opplev ein krevande situasjon vil eg oppfordre dei til å be om støtte og hjelp hos familievernet. Når det gjeld saker som knyttast til fleire instansar i ei kommune er det viktig at ein etablerar tverrfaglige samarbeid. Det kan gjelde flyktningmottak, skule, helsestasjon, politi, kommuneoverlege eller barnevernet. Tverrfaglege samarbeid er viktig for eit godt oppvekstmiljø, seier Grøtteland.

Har kome seg vidare

Jenta fortel at ho er kome seg etter rykteflaumen.

– Eg har ein tanke om at livet går vidare. Det er ikkje vitsen å henge seg opp i det, seier ho.

Rykter:–Ingen skal utsettes for hets og rykter fordi dei anmelder saker til politiet, seier seniorrådgiver i Bufdir. Foto: Privat