Torsdag kom rapporten som slår fast at ei innsnevring som ikkje var skilta, bidrog til dødsulukka i Valldal i juli fjor. Ein person missa livet og to blei alvorleg skadd då ein buss med ukrainske turistar enda på taket utfor vegen, etter eit samanstøyt med ein personbil.

Norddal-ordførar Arne Sandnes meiner styresmaktene bør ha større ambisjonar for å trygge trafikantane på det som er ein av dei mest populære turistvegane i landet.

– Desse vegstrekningane utgjer ein eigen kategori som trekker til seg trafikantar utan kjennskap til lokale forhold, og samstundes er det mykje bussar og tyngre køyretøy, påpeiker Sandnes.

Vil ha sjekka tryggleiken

Han vil ha ein gjennomgang av tryggleiken på heile strekninga Trollstigen-Geiranger.

– Dette er viktig for reiselivet. Vi må ikkje få ry på oss for å vere eit farleg land å reise i. Området er eit mekka for norsk turisme og dei som kjem hit bør oppleve det som ein trygg plass, seier Sandnes.

Ordføraren peiker òg på at det er venta stor auke for reiselivet i åra som kjem.

– Når vegen er klassifisert som Nasjonal turistveg så forventar trafikantane ein viss standard både når det gjeld estetikk og tryggleik. Både Statens og fylkeskommunen bør ha langt større ambisjonar enn dei har hatt so langt på desse vegane, seier han.

Les også:

Snudde og sette opp skilt etter ulukkesrapport

Havarikommisjonen: Vegen bidro til busstragedien

Ikkje nøgd med skilting

Norddal-ordføraren etterlyste nyleg strakstiltaka som blei lova i fjor. Noko av det er kome på plass.

Mellom anna er sikta gjort betre og onsdag kom eit nytt skilt som varslar om hinder på plass ved staden for dødsulukka.

Sandnes har sett skiltet vegvesenet har sett opp som ei mellombels løysing, og er ikkje nøgd og peiker på at det ikkje varslar om ulukkespunkt eller innsnevra køyrebane.

(saka held fram under bilde)

Statens vegvesen opplyste til smp.no torsdag at det høge og smale skiltet med gule og svarte sebrastriper viser at det er ei hindring i vegen.

– Etter ein dialog med kommisjonen er vi samde om å sette opp eit slikt skilt inntil vidare. Så startar arbeidet med å utvide vegbredda med ein meter i september, uttalde seksjonssjef Lisbeth Smørholm i plan- og trafikkseksjonen Møre og Romsdal i Statens vegvesen.

Ved fleire andre hindringar på strekninga, er det sett opp fareskilt med opplyst vegbredde på staden. Smørholm påpeiker samstundes at norske vegar generelt er tryggare enn mange andre land.

Støtte frå kommisjonen

I rapporten frå Statens havarikommisjon for transport som kom torsdag blei det også peika på behovet for ein «kritisk gjennomgang» av strekninga, slik ordførar Sandnes argumenterer for.

– I vår analyse har vi peika på behovet for ei ekstra vurdering av tryggleiken på turistvegar generelt, seier avdelingsleiar Rolf Mellum i Statens havarikommisjon og viser til at det gjerne er ukjende førarar og større køyretøy.

Han er orientert om planane om å utvide vegen, noko han meiner er den beste løysinga på sikt.

(saka held fram under bilde)

– Det er i utgangspunktet små marginar og vi argumenterer for at føraren bør få mest mogleg informasjon om avvikande høve langs vegen. Og i dette tilfellet meiner vi innsnevringa var for dårleg varsla, seier han.

Kommisjonen kan ikkje gi nokon pålegg, og kjem ikkje med sikkerheitstilrådingar om tryggleiken i denne rapporten.

– Men det er viktig at rapporten og anbefalingane frå analysen blir følgt opp, påpeiker Mellum.

Les også: Vegvesenet vil gjere ny vurdering

Mista styringa

I konklusjonen heiter det at den i utgangspunktet smale vegen var innsnevra på ei strekning på om lag 200 meter. Dette bidrog til at bussen støytte saman med ein møtande personbil. I samanstøyten mista bussen styringa, velta over rekkverket og hamna på taket utfor vegen. Trafikantane var ikkje varsla om innsnevringa.

Ulukka skjede på ei rett strekning utan merka midtlinje. Bussen og bilen var til saman 4,4 meter brede, noko som gav førarane 35 centimeter til rådigheit i ein møtesituasjon.

Kommisjonen peiker samstundes på at den døde og eine alvorleg skadde, ikkje brukte setebelta. Det gjorde truleg at skadane blei meir alvorlege.