bakgrunn av ein rapport frå Statens Havarikommisjon for transport, er det sett opp skilt som varslar om eit hinder på den smale ulukkesstrekninga i Valldal der ein buss og personbil var innblanda i ei dødsulukke.

Skiltet på fylkesveg 63 blei sett opp onsdag og torsdag blei rapporten frå kommisjonen gjort offentleg. Der går det fram at innsnevringa på vegen - og at den ikkje var skilta - truleg bidrog til ulukka.

For berre få veker sidan opplyste vegvesenet til Sunnmørsposten at dei ikkje kunne skilte berre denne staden, fordi det var mange andre smale punkt på vegen mellom Trollstigen og Geiranger.

Ikkje fareskilt

Seksjonssjef Lisbeth Smørholm i plan- og trafikkseksjonen Møre og Romsdal i Statens vegvesen seier at det høge og smale skiltet med gule og svarte sebrastriper viser at det er ei hindring i vegen.

Ved fleire andre hindringar på strekninga, er det sett opp fareskilt med opplyst vegbredde på staden.

Ikkje belte Den omkomne og ein av dei mest skadde brukte ikkje sikkerhetsbelte i bussen, noko kommisjonen meiner bidrog til at skadene blei meir alvorlege. Foto: Havarikommisjonens rapport

– Etter ein dialog med kommisjonen er vi samde om å sette opp eit slikt skilt inntil vidare. Så startar arbeidet med å utvide vegbredda med ein meter i september, fortel Smørholm.

Smp.no kjenner til at det i utkast til rapporten stod at fartsgrensa var sett ned. Men då kommisjonen blei klar over at dette var ein mellombels løysing, blei betre skilting eit tema i høringsrunda med vegvesenet.

– Vil ta ny vurdering

I rapporten frå kommisjonen blir det etterlyst ein «kritisk gjennomgang» av heile strekninga, og at det burde ha vore gjort ein risikoanalyse som følgje av statusen som «Nasjonal turistveg».

– Ja, i ettertid kan ein si at det burde ha vore gjort ein nærare risikovurdering av vegen, seier Smørholm, men ho påpeiker at det ikkje er krav til det ein på internspråket kallar trafikktryggleikinspeksjonar, på fylkesvegar.

Seksjonsleiaren antek at innsnevringa på ulukkesstaden ville vore oppdaga ved ein slik gjennomgang. Men ho påpeiker at ein inspeksjon i seg sjølv ikkje løyser noko.

(saka held fram under)

Avhengige av midlar

– Vi er samstundes avhengige av å ha midlar til å utføre sikringstiltak, og det er eit spørsmål om prioritering og kostnader. Vi har i heile fylket svært mange fylkesveger som er smale og går gjennom krevjande terreng. På alle strekningar er det behov for mange tiltak, seier ho.

Seksjonsleiaren seier vegvesenet heile tida jobbar for å få til ei konsekvent skilting og forståing i vegnettet. No vil dei ta ein gjennomgang av rapporten og gjere vurderingar av tiltak rundt skiltinga.

– Denne nasjonale turistvegen er 11 mil, og smal og svingete med utfordrande standard på heile strekninga. Eg trur ein gjennomgang av heile strekninga blir for mykje samanlikna med ressursane vi har til å sette inn til inspeksjonar og tiltak, men vi vil gjere ei ny vurdering  her, seier Smørholm.

Prioriterer systematisk

– I kva grad tek vegvesenet omsyn til at ei strekning er trafikkert av mange sjåførar som ikkje er kjent på vegen?

– I utgangspunktet tek ikkje vi slike omsyn. Det er vanskeleg å kartlegge alle farar for alle som køyrer og difor må trafikantane ta omsyn til vegstandarden, svarar ho.

Seksjonsleiaren påpeiker at vegvesenet heile tida jobbar systematisk med å sikre dei av vegstrekningane som er mest utsett for ulukker og har størst trafikk. Samstundes blir det gjort mykje mindre tiltak som å rekkverksarbeid, rydde terreng og fjerne bergnabbar og liknande.