(Møre-Nytt) Onsdag kveld gjekk eit steinsprang på Sørheim. Ei stor steinblokk sperra ei køyrebane på riksveg 653 Eiksundsambandet.

Det var Anders Håskjold som oppdaga steinspranget.

– Eg hadde vore ein tur i Ulsteinvik, og kome ut frå tunnelen ca. 23.45. Etter kanskje ein halv kilometer frå tunnelopninga, såg eg noko i vegbana. Eg trudde fyrst at det var eit dyr, men såg at det var ei stor steinblokk, fortel Håskjold.

Politiet vart kontakta

Han kontakta då politiet, som igjen fekk tak i entreprenør for å rydde vegen. Ein hjullastar kom etter om lag ein og ein halv time.

I mellomtida stod Håskjold ved steinblokka, og hadde naudlys på bilen, slik at køyrande kunne sjå at eine vegbana var sperra av steinblokka.

– Det var tydeleg spor etter steinblokka i terrenget ovanfor, fortel Håskjold.

Saka vart først publisert av Møre-Nytt.