Naudetatane fekk ved 18.50-tida melding om ei drukningsulykke ved Årneset i Volda. Ambulansar frå sjukehuset var raskt på staden.

I Ålesund gjorde brannvesenet sine dykkarar seg klare, men vakthavande operatør kunne fortelje til smp.no at mannen ved 19-tida allereie var henta opp frå Rotevatnet.

Tatt med i luftambulanse

– Dei driv med hjarte/lunge-redning på staden. Ambulansen er der og helikopteret er kontakta. Politiet er straks på staden, sa operasjonsleiar John Kåre Flo klokka 19.05 til smp.no.

Operasjonsleiaren kjente då ikkje til bakgrunnen for ulykka.

Eit vitne på staden fortalde at mannen blei tatt med inn i helikopteret klokka 19.33.

Fekk problem i vatnet

– Mannen svømte mot ein flåte og eit stupetårn og var cirka 20–30 meter ut på innsjøen, då han fekk problem, opplyser operasjonsleiar Flo til NTB.

Ein person på land og to på flåten såg hendinga. Personen på land svømte ut og fann mannen cirka 2,5 meter nede på botnen.

– Personen fekk brakt han i land ved hjelp av dei andre, forklarar Flo.

Helse Møre og Romsdal opplyser klokka 22.06 at ein mann i 20-åra er kritisk skadd med svært alvorlege skadar etter drukningsulykka ved Rotevatnet. Mannen får behandling på intensiven på Ålesund sjukehus.

Lokalavisa Mørenytt siterer vitne på at mannen skal ha vore fleire minutt under vatn.

I fjor låg ein 14-åring lenge under vatn ved same badeplass. På utruleg vis overlevde han.

LES MEIR: Mirakelguten Fares (14)