– Eg er veldig glad i å strikke, seier ho og ler når Sunnmørsposten ringjer ho onsdag morgon. I går la ho ut eitt innlegg på facebooksida si, der ho fortalde om planen om å gjere stas på alle nye Stordals-born. Innlegget har fått stor respons med mange kommentarar og nesten 300 reaksjonar.

– Det har vore stor respons ja. Eg har også fått fleire tekstmeldingar frå folk som synast det er eit artig og koseleg påfunn, seier ho.

(Saka fortsetter under bildet)

Nærleik i kommunen

Sjølv om Hove ikkje trur at lovnad om heimestrikka barneklede er motivasjon nok til å auke barnetalet i kommunen, synast ho det er viktig å bruke fordelane ein liten kommune har til å bli kjend med innbyggarane.

– Dei siste åra har barnetalet gått ned, sjølv om ikkje innbyggartalet har det. Det meiner eg er uheldig. Sjølv om eg ikkje trur dette påfunnet vil føre til ein eksplosjon i nye fødslar her i kommunen, meiner eg det er viktig å utnytte det at vi er ein liten kommune. At eg kan gå ut og bli kjent med dei som bur i bygda, seier Hove. Innbyggjartalet i Stordal kommune ligg no på rundt 1030 innbyggjarar.

(Saka fortsetter under bildet)

Slik vil Joker Hellesylt lokke til seg barnefamiliar: Halv pris på babymat, full pris på kondom På Joker Hellesylt får du babyprodukt til halv pris, medan kondom kostar skjorta. Ein humoristisk vri på eitt alvorleg tema meiner dagleg leiar Svein Olav Sporstøl. Kun 6 nye barn i fjor

Strikkepåfunnet er tenkt for å heidre barna som allereie blir født i Stordal, men kommunen har også sette i gong eit prosjekt som har fått namnet «Vekst i Stordal». Dette prosjektet skal skape fleire arbeidsplassar og Hove sitt håp er at både innbyggjartalet og barnetalet i kommunen skal auke gjennom dette prosjektet.

– Det håpar eg verkeleg, seier ho. Og trass i at innbyggjartalet held seg stabilt, er det eit problem at barnetalet går ned. I 2016 blei det berre født seks nye barn i kommunen.

– Eg trur i alle fall eg skal klare å strikke nok barneklede til alle nyfødde i kommunen. Eg brukar berre ei knapp veke på kvar av dei dressane eg har laga, seier ho og ler.