(Møre Nytt) Jan Roger Bjørkedal i Ørsta viltnemnd fortel at han fekk ei melding om saka.

– Me rykte då ut for å sjå korleis det stod til, og det viste seg at han hadde sprengt buken og slepte seg bortetter vegane. Dette gjorde at me avliva han på staden, sidan me i viltnemnda er pliktige til å avlive lidande dyr.

Bjørkedal seier at den truleg har vorte påkøyrd av ein bil eller at oteren forvilla seg inn i ein båtpropell. Han seier også at oteren er no teken vare på for eventuell vidare undersøking av årsak.

– Dette er ikkje nokon enkel jobb for våre utsendingar å gjere, det er ein heiderleg jobb som har blitt gjort her. Slik sett er det enklare å fare på jakt.

Han opplyser om at dette ikkje er noko direkte vanleg oppdrag.

– For det fyrste skal du ha ein trygg bakgrunn og utgjere inga fare dersom du skal ta i bruk skytevåpen i tettbygde strøk slik som her. Elles kan eg seie at påkøyrslar av otrar er ikkje uvanleg, og me får sjeldan beskjed. Men då skjer det ofte lenger ut på landet.

Denne saka vart først publisert hos Møre Nytt.