- Jan Ove var ekstremt aktiv. Det var ingen andre her som heldt hans nivå. Jan Ove var i full jobb, så han sykla både før og etterpå omtrent heile året. Han har reist på ritt både innanlands og utanlands, seier leiaren i sykkelgruppa i Stryn T og IL, Thorolf Aarøen, som omtalar dødsfallet som «tragisk og uventa».

Nordisk meister

Jan Ove Standal var opphavleg frå Vatne i Haram. Han begynte å sykle som 32-åring, og representerte i fleire år Ålesund og omegn cykleklubb. Som veteran-syklist utmerka Standal seg både nasjonalt og internasjonalt. For å nemne nokre av merittane: Sølv og bronse i veteran-NM i 2008, gull og sølv i NM i 2009, sølv i nordisk meisterskap i 2009 og gull i nordisk meisterskap i 2010.

Gjorde comeback i Stryn

I 2010 flytta Standal til Nordfjord, der han melde seg inn i sykkelgruppa til Stryn T og IL. Etter tre års pause gjorde Standal comeback som syklist i 2013. Allereie same år noterte han både ein femteplass og ein sjetteplass i veteran-VM.

- Jan Ove Standal (44) har med sine prestasjonar sett Stryn på sykkelkartet, skreiv avisa Fjordingen i 2013.

Men Standal var ein syklist som gjekk sine eigne vegar. Til same avis same år forklarte han:

- Eg er ikkje glad i fiksfakserier som moderne elektronisk utstyr der ein skal analysere sine eigne sykkelritt. Eg har heller ikkje vore flink med treningsdagbok. Mange bruker unødvendig mykje tid på dette som kunne vore nytta på trening. Det kan også gå alt for langt med kosttilskot og diskusjon omkring slike ting. Frukostblanding, havregraut og skiver med makrell i tomat held lenge for meg.

Viktig bidragsytar

Standal har delteke i ritt både internasjonalt, nasjonalt og lokalt. I fjor tok han gull i nordisk meisterskap i Sverige. Så seint som i juni kom han på fjerdeplass i Nibberittet. Han var soleklart best av dei i aldersgruppa 40 til 49 år i rittet.

- Jan Ove har vore ein viktig bidragsytar for sykkelmiljøet i Stryn. Interessa for sporten går jo alltid i bølgjedalar, men Jan Ove har stilt opp på sykkelklubbkveldar og fortalt om korleis han trenar og kva han anbefaler. Vi hadde tenkt å nytte oss endå meir av Jan Ove, seier Thorolf Aarøen.

Styret i sykkelgruppa har begynt å tenke på korleis dei skal markere bortgangen til Jan Ove Standal, men ikkje landa på noko enno.