Over nyttår kjem den nye appen «Lokalmat», levert av fem elevar ved Stranda vidaregåande skule. Den skal la folk få formidle middagsoppskriftane sine, med krav om minst ein lokal ingrediens i kvar rett.

Katrine Mykløen Ødegård er dagleg leiar i ungdomsbedrifta.

– Vi må gjere «Lokalmat» synleg, og håpar at folk brukar han og legg ut oppskrifter, seier ho. Entreprenøren innrømmer at ho er frykteleg spent på om dei lykkes.

Grande oppglødd over gründarar

Amalie Ringdal Birkhol (20), som sit i kommunestyre på Stranda for Venstre, fekk i allianse med stortingskandidat Pål Farstad lokka Grande til å sette av tid til møtet. Og det som einaste stoppestad på Sunnmøre. Venstre-leiar Trine Skei Grande har tjuvstarta valkampen med å køyre elbil gjennom Vestlandet.

– Kven er det som jobbar midt på sommaren? Kven er det eg møter? Jo, det er gründerane, sa Grande oppglødd, der ho lytta til presentasjonen frå Ødegård.

Snudde søkarnedgang

– Søkartalet for restaurant- og matfag var på ein elev, og det i matkommunen Stranda. Dette har snudd, sa Ødegård.

Det er bruk for alle når ein startar tverrfagleg bedrift, seier Ødegård.

– Det er artig at de sporar gründerfaget til at søkarane har kome tilbake, svarte Grande.

Det er ikkje tilfeldig at noko blir populært, meiner ho.

– Ein kan ikkje skulde på trendar, det handlar om kva ein satsar på, meiner partileiaren.

Pål Farstad er einig:

– Det skapst for få nye arbeidsplassar i fylket.

Han vil ha meir gründermentalitet av det kaliberet han fekk sjå på Stranda.

Stortingskandidat Pål Farstad, leiar Trine Skei Grande og representant i kommunestyret, Amalie Ringdal Birkhol, poserer framom Storfjorden. Foto: Tarjei Engeset Ofstad