Han og sambuaren har nemleg fått ny målarboks i sikringsskapet. Av den smarte typen som les av straumen sjølv. Og slik blir det etter kvart for oss alle. I løpet av 2018 skal alle straummålarar bytast ut med ein som rapporterer forbruket automatisk.

Halvtimes jobb

Etter ein halvtimes besøk av elektromontør Mats Kristengård er den nye målaren oppe og går, og huseigaren har slepp å tenke på straumavlesning meir.

– Og slik blir det for oss alle, fortel Trond Søreide i Mørenett som er prosjektleiar for målarbytet.

Pålagt av NVE

Nettselskapa i Møre og Romsdal har organisert seg i fellesskap for målarbytet, som er pålagt av NVE. I heile fylket skal 150.000 målarar bytast ut. 40.000 målarar er allereie blitt bytta. Mørenett er i oppstarten og onsdag passerte dei 50 målarar.

– I august vil vi ligge på eit byte på 300–400 om dagen, fortel Søreide. Tre elektrofirma har fått oppdraget med å byte alle målarane for Mørenett. Den største jobben er naturleg nok i Ålesund.

– Her vil vi nok bruke eit heilt år på å få byte alle målarane, seier Søreide. Sjølve jobben er gjort på ein halvtime. I forkant får huseigar tilsendt informasjon. Så får huseigaren ein sms to veker før med forslag om tidspunkt som ein skal bekrefte.

Skal vise legitimasjon

– Alle våre montørar skal ha med legitimasjon og vise den uoppfordra, seier Søreide. Andre stadar i landet har det tidvis vore svindelforsøk der folk med uærlege hensikter kjem på dør.

Målet med byttet er å oppnå eit meir fleksibelt straumforbruk som samfunnet vil ha nytte av. Styresmaktene vurderer det slik at desse nye målarane på sikt vil redusere behovet for ny kraftutbygging og gjere systemet meir effektivt. Med desse målarane får ein eit heilt anna reiskap for å planlegge, overvake og styre straumnettet. For kunden er den førebelse gevinsten at ein slepp å lese av straumen sjølv. Etter kvart vil ein også få moglegheiter til å styre forbruket sitt etter straumprisen der og då. Bytet er innbakt i nettleiga, og kostar ikkje noko ekstra.

Dei nye målarane kan byggjast ut med fleire smarte funksjonar etter kvart. Foto: Jørn Helge Egset