Norddal sokneråd ynskjer å løfte fram historia om Kong Olav Haraldsson, den valdelege krigarkongen som kristna Norge og vart helgen. Olav den heilage sette djupe spor etter seg, ikkje berre i historisk samanheng, men også gjennom tallause segn og forteljingar.

Heilag-Olav i Valldal

Under olsokfeiringa i Valldal denne veka, skal meir enn vanleg handle om Olav sin ferd gjennom Valldal året 1029.

Ikkje berre vert det pilegrimsvandring, olsokmesse på Alstad og konsert i Sylte kyrkje. Det vert også foredrag og lansering av heftet «Heilag-Olav i Valldal», skriven av historikar og forfattar Astor Furseth, basert på den islandske skalden og forfattaren Snorre Sturlason sine skrifter.

– Dei færraste nordmenn veit i dag kva olsokfeiringa er relatert til, nemleg dagen då Olav døydde i slaget på Stiklestad i 1030. No løftar vi fram historia om Olav den heilage og det som skjedde då han var her i Valldal, seier Morten Gravdal, sokneprest i Norddal.

Han tok initiativet til at Astor Furseth skulle skrive ned historia. Heftet vert gitt ut på Gravdal sitt private forlag, og det skal òg omsetjast til engelsk.

– Den historiske forskinga om Heilag-Olav er omfattande. Bortsett frå at flukta frå Steinvågen i Ålesund og inn til Valldal er eit faktum, er historikarane ikkje einige om noko. Difor baserer vi oss på Snorre, som skriv grundig og detaljert om Olav sitt opphald i Valldal, seier Astor Furseth. I heftet har han òg med lokale forteljingar og segn om Olav.

Olavstradisjonar

Sjølv etter reformasjonen, då helgendyrking vart forbode av den protestantiske kyrkja, levde olavstradisjonar og folketru om Olav sine overnaturlege krefter vidare. I Valldal er det særs mange historier om Olav.

Sjøormen som han kasta opp i fjellet ved Valldalen, kan ein framleis sjå spor etter. Olavskjelden, der kongen stakk staven sin i berget og ein kjelde med helsebringande vatn vart til, kan du òg få vite meir om søndag 30. juli. Då viser Astor Furseth veg både til kjelda og Olavshellaren like ved.

Fjordturar med vikingskip

Torsdag vert det foredrag med nonnene i Norddal og planane deira om å bygge St. Olavs kloster på Syltefjellet. For knapt to år sidan opna pilegrimsleia frå Valldal via Lesja og Dovre til Nidaros (Trondheim). I fjor starta prestefrua Monika Tettli firmaet Sailing Pilgrims, som no tilbyr organiserte turar på fjorden i eit ekte vikingskip.

Frå den 11 meter lange «Birk» kan ein mellom anna sjå spor etter årebladet til Olav og ei pengehole i fjellet, dit Sankt Olav skal ha klatra opp og gøymd pengane sine. – Kunnskapen om Olav den heilage er nesten fråverande hos mange. Det er litt synd, og nok ein del av grunnen til at olsokfeiringa har forvitra her i landet, meiner Monika Tettli.

– Olav var ikkje berre den som kristna Norge med sverd. Han er ein viktig del av vår historie og grunnleggande verdiar i samfunnet vårt, seier ho.

Olsokfeiringa i Valldal, slik ein i dag kjenner ho, skriv seg tilbake til slutten av 1940-talet.

– Men truleg har det vore feira Olsok i Valldal i uminnelege tider, seier Astor Furseth.

Familiedag på laurdag

På sjølve Olsokdagen laurdag 29. juli er det Valldal idrettslag som tradisjonen tru står for eit spekka program for heile familien. Då blir det både mosjonsløp, show, song og musikk, samt finale i VM i morellsteinspytting, for å nemne noko.

– Det var ei tid då olsokfeiringa i Valldal nærast utvikla seg til eit skjellsord, med mykje fyll og slåsting. Men det er lenge sidan det vart slutt på. No er det eit veldig bra familiearrangement, seier Astor Furseth.

I dag er historia om Sankt Olav ofte meir kjend for utlendingar, enn for nordmenn sjølv. Under olsokdagane i Valldal kan du denne veka gå i dei historiske fotspora til kongen som kristna Norge, men som måtte flykte landet via Valldal. Foto: Marius Simensen
Astor Furseth har laga eit hefte om Heilag-Olav i Valldal, basert på Snorre Sturlason sine forteljingar. Den seinare helgenkongen drog gjennom Valldal vinteren 1029 med 400 av sine mest trufaste menn, under flukta frå sine fiendar. Foto: Marius Simensen