– Eit pensjonistliv utan bubil ser eg føre meg som blodfattig og statisk.

Dette seier Per Aambakk (60+) frå Ørsta. Nærare spesifikt enn dette, nektar han å gje opp sin eigen alder.

Sunnmørsposten snakkar med bubilentusiasten på telefon i det han passerer Målselv – og siktar seg inn på Svolvær bak bubilrattet.

Utkikken etter ein stad å parkere for natta har starta, fortel Aambakk.

Han er styremedlem i Norsk Bobilforening avdeling Midt-Norge.

I bubilen i kjølvatnet – eller eksosstripa, bak Aambakk, sit styreleiar Karl Olsen frå Haramsøy i same foreining, bak rattet på ein liknande doning. Damene sine har dei også med. To entusiastpar som reiser i lag, og altså bortimot halve styret i bubilforeininga.

I solveggen Per Aambakk kan vanskeleg tenkje seg nok betre enn å nyte kveldssola ved ein flyttbar solvegg. – Bubilen kan jo i dei fleste tilfelle snuast og riggast til akkurat slik ein vil, seier han.

– Ei openberring

–Ja, vi synest det er svært kjekt å gjere det på denne måten. Ein kan vere nær, men likevel ha avstand når det er ønskjeleg, opplever Per Aambakk. Som mange andre hadde han campingvogn. For seks-sju år sidan prøvde han bubil for første gong.

– Det vart som ei openberring for meg. Det var bubil som som var tingen, utan tvil. No har eg vel bubil nummer seks, og ein som eg er verkeleg nøgd med, fortel Aambakk. Han reknar bubil som eit alternativ primært for personar som er 60 pluss, som han seier.

Satsar Tidlegare bilseljar Magnar Romestrand gjekk over på bubilsal og har aldri sett seg tilbake. – Pilane peikar framleis rett til vers, konstaterer han. Han har utsal på Sjøholt, og i 2016 opna han butikk også i Stryn. Han trur tilbakegangen i Sogn og Fjordane er eit tilfeldig avvik.

Kostar fort millionen

–Kvifor?

–Fleire faktorar. For det første må ein ha råd til å investere i ein skikkeleg bra bil. Utstyr, komfort og sikkerheit er avgjerande for at ein kan kose seg med denne reisemåten.

– Då snakkar vi fort om ei investering på fram mot ein million kroner. Dette går som regel sjeldan i hop med nedbetaling av huslån, vanleg bil og liknande, erfarer Aambakk. Neste faktor han nemner er tid til å nytte seg nok av ein kostbar bubil.

– Den tida har jo som regel ikkje småbarnsfamiliar. For min eigen del har eg vore på vegen snart samanhengande seks veker no, og må seie eg stortrivast kvar einaste dag. Og kveld. Og morgon. Uansett stad, ver og vind. Slik er det gode bubiltilvære, humrar Per Aambakk. I Møre og Romsdal auka bubilsalet med over 42 prosent i første halvdel av 2017, mot same tid i rekordåret 2016.

Stim Bubilegarar kan ofte samanliknast med stimfisk. Denne vesle bubilstimen stod parkert på den store rasteplassen ved Hjartåbergtunnelen på E39.