(Fjordingen) Dei to personane som var i huset fekk i følgje politiet redda seg ut og vart tekne med av ambulanse for sjekk. Konstituert brannsjef Jon Jatgeir Vinsrygg seier til Fjordingen at meldinga til brannvesenet gjekk ut på at huset stod i full fyr.

– Brannen hadde starta i garasje-enden av huset og hadde gått inn i romfløyen då vi kom til staden. På grunn av ferietid hadde vi berre fire røykdykkarar, men dei og resten av brannmannskapet gjorde ein flott innsats. Huset er totalskadd, sjølv om det står att litt på vestenden av huset, seier Vinsrygg.

Huset er totalskadd. Foto: Bengt Flaten, Fjordingen