Det er NRK Møre og Romsdal som melder at trengande passasjerar gjer frå seg bak huset til Rasmus Sindre Nautvik like ved ferjeleiet på Folkestad.

– Det er litt trist at det skal vere slik, at det skal vere pisselukt rundt huset, seier han.

Statens vegvesen meiner at ferjene går så ofte at det ikkje er behov for å sette i stand toalettet på ferjekaia.

– Om det viser seg at behovet er der, får vi gjere ei ny vurdering, seier seksjonssjef Lisbeth Smørholm.

Ho understrekar at det er ikkje berre på Folkestad at toaletta har vore stengde.