Dette seier Arne Hage i Utvik. Etter ei stund med skruing får han endeleg start på straumaggregatet, einaste berginga for to frysarar fulle med hjortekjøt og anna mat for familien.

– Det starta i siste liten. No trur eg at i det minste frysarane våre skal vere berga, sukkar Hage. Han og familien er ekstremt hardt råka av skadeflaumen som oppstod grytidleg sist måndag morgon. Og det er inga overdriving – ekstremt hardt råka. Berre dersom også huset hadde kollapsa og rausa på elva kunne det vore verre, spør vi?

– Jau, men eg er ikkje heilt sikker på det heller. Som entreprenør av yrke er eg svært usikker på kva som kan vere skadd langt ned i grunnen under huset.

– Eg har mange stader sett kva som kan skje når vatn får svekke grunnstrukturen, seier Hage. Han er difor svært usikker på kva som vil skje med utsiktseigedommen han tok over saman med kona og to døtrer i 1995.

– Kraftig – rett og slett

– Det var voldsomt, rett og slett. Det verka ikkje til å vere ende på, time etter time. Det var umogeleg å sove. Så kom regnet, i tilsvarande styrke.

– Det var umogeleg å sove eitt einaste sekund. Utpå morgonkvisten blanda lyden av tore seg med øyredøyvande brak frå elva, som går rett forbi hushjørnet vårt. Enorme steinar og anna braka forbi. Det heile fortona seg snart som det reinaste ragnarok, fortel Hage. No tok han umiddelbart med seg kona og to vaksne døtrer og rømde huset.

– Akkurat slik vi stod og gjekk. Så gjekk vi tretti meter opp til grannen, og stod der gjennom resten av dramatikken, fortel Arne Hage. Han har lagt svært mykje handarbeid ned i steinmurar og infrastruktur kring huset

– No er det vanskeleg å sjå føre seg korleis ein skal motivere seg til å starte opp att ein gong til, medgjev han.

– Uansett må ein jo berre kontakte forsikringsselskap og alle aktuelle etatar. Og ta ufrivillig ferie på ubestemt tid, seier Arne Hage og pressar fram eit smil. Han understrekar at det det berre handlar om materielle verdiar.

– Men det er jo også verdiar. Og noko som kjem til å krevje veldige mengder energi å få på plass att, uansett, innser Hage.

Frykta for meir ekstremvêr

– I starten tenkte eg lite på det. Men med tida har vi tatt innover oss at aukande ekstremvêr på kloden vår er eit faktum og ein faktor.

– Difor har eg tenkt stadig meir på den problematikken når det har regna mykje. Men at det skulle gå så ille, med så totalt uregjerlege krefter, nei det hadde eg aldri kunna førestille meg, seier Hage.

Ein heldigare granne

Ein som har vore atskilleg heldigare er ein granne litt lenger ned, Joar Skåden. Han er ute med to plastkanner for å skaffe ferskvatn til huset.

– Det kunne vel neppe vore nærare. Vi stod og såg vassmassane slikke oppetter plenkanten vår, medan alt frå tre, plankar, konteinarar og kva som helst dundra forbi. Litt meir vatn, kanskje berre eit kvarter lengre skybrot, og vi hadde gått med i same dragsuget som mange andre.

– Nei, vi har vore særdeles heldige denne gongen, konstaterer Skåden.

Ei rekkje tilreisande var tysdag i Utvik for å sjå på resultatet av infernoet dagen før. Ei av dei var fylkesmann Anne Karin Hamre:

– Skadane gjer eit overveldande inntrykk. Det gjer også samhaldet mellom bygdefolket her. Vi skal sjå, og vi skal lære av dette, seier Hamre.

Heile tomta til Arne Hauge og familien er undergraven av vatn, heilt ned på grunnfjellet. Det er farleg å gå ut på plenen nedom huset. Bilde teke frå brua der rv. 60 gjekk. Foto: Knut Arne Aarset
Joar Skåden sitt hus står framleis trygt i bakgrunnen, men gjekk klar flaumen med knappast mogleg margin. Den smadra bilen kom 250 meter nedover med vassmassane. Foto: Knut Arne Aarset
Ordførar Sven Flo i Stryn og fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane nytta store deler av tysdagen til å ta stilling til katastrofeskadane i Utvik. Foto: Knut Arne Aarset