Denne videoen viser korleis Redningsskøyta prøvde å sløkke den dramatiske båtbrannen (fjt.no)

Like før halv to tysdag fekk Sogn og Fjordane politidistrikt fleire meldingar om ein båt i brann i fjorden utanfor Bryggja i Vågsøy. Ein mann på rundt femti år var i båten.

– Han var ein av dei som melde frå, opplyser operasjonsleiar Odd Arve Solvåg til smp.no. Naudetatane, redningsskøyta, Sea King og ambulansehelikopter blei sendt til staden. Nokre personar i ein annan båt fekk henta mannen og tatt han med til land.

– Der blei han sjekka av helsepersonell, før han blei sendt vidare til Førde sjukehus, seier Solvåg, som ikkje veit noko om skadeomfang.

– Det er ein cabincruiser som brenn. Det var ein person i båten, men han har vi kontroll på, opplyste Bjørn Jarle Åmlid ved Hovedredningssentralen til smp.no like etter klokka 14.00.

Søkk

Cabincruiseren som brann er i ferd med å søkke.

– Om han ikkje alt har sokke, seier Solvåg.

Politiet etterlyser redningspersonane.

«Politiet ønskjer å komme i kontakt med dei som var på sjøen rundt båten som brann og frakta vedkommande til land. Dei kan ta kontakt på 02800», heiter det i oppfordringa på Twitter.