- Det viste seg at det var brenning av tørrhøy. Den ansvarlege har fått beskjed om ikkje å brenne meir, opplyser Møre og Romsdal 110-sentral.

Generelt er det tørt i terrenget. På Skåla i Romsdal rykka brannvesenet ut for å sløkke ein lyngbrann tidlegare i kveld. Eit lokalt, kraftig regnskyll hjelpte til. Også på Averøy var det lyngbrann i kveld.

- Folk må vere ekstra påpasseleg, enkelte stader det er veldig tørt no, seier John Rune Lillebø ved 110-sentralen til smp.no.

Og tørrare kan det bli. Yr.no melder sol og varme for Nordvestlandet fram til torsdag. Frå fredag er det venta litt regn kvar dag.