Tysdag morgon rann med sol og lett skydekke over sørsida av Nordfjorden. Men vatnet sine vannvittige herjingar frå døgnet før står ikkje til å løyne: Beint fram enorme materielle skader på vegar, bruer, terreng, vekstar, bilar og bygningar.

Fylkesmannen på plass

– Til alt hell kom ingen menneske til skade, seier fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane til smp.no tysdag ettermiddag. Saman med sin eigen beredskapssjef og Stryn-ordførar Sven Flo var ho på plass i den flaumråka bygda for å sjå på skadene.

Sterke inntrykk

– Eg har fått svært sterke inntrykk av alle øydeleggingane. Enorme krefter må ha vore i sving. No er vi her først og fremst for å støtte innbyggjarane, og for å vere med og vurdere korleis ein best kan handtere ein slik situasjon vidare, seier Hamre.

Menneskelege krefter

– Heldigvis ser eg mykje av dei same menneskelege kreftene her i Utvik: Folk samlar seg, går straks saman i samarbeid, dei støttar kvarandre og dei hjelper kvarandre så godt dei berre kan.

Får handle på krita

– Det er nok å sjå på Joker-butikken/kafeen her, som innlosjerte alle skadelidne etter flaumen og gav dei mat. Siste døgnet har dei halde butikken open kontinuerleg - utan straum og nett, og dei let jamvel framande turistar handle på krita, konstaterer ein mykje imponert fylkesmann.

Utan det meste

Ekstreminnsats i ei maurtue

Men folket arbeider som maurar i ei diger maurtue. Dei fleste huseigarar, grunneigarar og sivilistar. Men etter kvart også stadig fleire uniformerte frå ulike etatar og firma av alle slag. Stilla etter stormen krev handling - sol etter ekstremregn krev ekstreminnsats.