Torevêr og store hagl slo plutseleg ned i fjorden som ligg på Søre Sunnmøre. Dei største hagla skal ha vore over 1,5 cm store, og avbraut med det ein flott sommardag i Vanylven.

Harald Lillebø har hytte i Syltefjorden, og fortel at det eit voldsomt uvêr som slo innover fjorden. Han beskriv det som direkte låkt då dei store iskulene traff dei i går, og at det einaste dei kunne gjere då var å søke ly.

– Eg måtte sjekke for skader på bilen, men heldigvis gjekk det bra, fortel han til Sunnmørsposten. Han kan ikkje hugse å ha sett noko slikt før, og seier at haglbyga varte i ca 5-10 minutter før vêret gjekk tilbake til normalt.

I dag er det 18 grader og opplett i Syltefjorden, og Lillebø fortel at det igjen er badetemperatur i sjøen.

Det vart plutseleg ekstremvêr i Syltefjorden i Vanylven i går. Foto: Harald Lillebø