No skriv Vestlandsnytt at Herøy-ordføraren har lagt ut ei helsing på si Facebook-side der han skriv at sett pris på alle dei fine helsingane og gode tankane han har fått sidan han la ut melding om at han hadde blitt sjuk.

I meldinga stadfestar han at han har fått den alvorlege kreftdiagnosen akutt lymfoblastisk leukemi.

– Som ein forstår må behandling settast inn omgåande. Allereie på dag ein sette legeteamet i gong rask og god behandling. Dag to var slagplanen klargjort for meg, og cellegift med meir sett igang, skriv han.

Det skal truleg vere snakk om år med behandling for ordføraren.

– Eg er oppteken av å vere open om sjukdomen, men utan å lempe den innpå folk.