Ifølgje Nrk Møre og Romsdal har politiet dei siste dagane avhøyrt over 20 vitne og meiner no at dei har oversikt over kva som skjedde.

– Vi kan ikkje gå inn på detaljar om kva som er kome fram av opplysningar, det kan skade den vidare etterforskinga. Men eg kan seie at etterforskinga har styrka oss i trua på at det har skjedd eit alvorleg straffbart forhold, seier seksjonsleiar ved Ålesund politistasjon, Robert Hjelmeseth, til Nrk.

Politiet skal ha funne tekniske bevis i saka. Tre austeuropearar er sikta i saka.

Etterforskingsleiar Robert Hjelmeseth. Arkivfoto: Sunnmørsposten